I dag vakna eg og såg at det var så lyst og fint ute. Deilig tenkte eg. No er det sol og eg og Fox (hunden) kan kose oss ute. Eg må sei eg blei ein smule irritert over snøen som låg i hagen når eg såg ut. Vi er da langt ute i mars månad, fyste vårmånaden!. Jada eg er klar over at det ikkje er uvanleg med snø på denne tida, men litt irritert må ein få bli.
Men det var ikkje lenge eg var irritert, eg tok med kameraet mitt og gjekk ut. Og her fekk eg sjå nokre som sikkert vart meir irritert over snøen enn eg, men dei klaga ikkje. Sjå berre her:
Det er kaldt på føtene idag sa krokusen til snøklokka.
Sola gjorde ekstra godt idag.
Katten synes det blei vel kaldt på føtene med denne snøen så han klatra opp i eit tre, der han herja rundt. For sol på kroppen gjorde godt!
Kommentarar
Du må helse takk til den kjekke matmora di for dei fine bilda som ho har lagt ut her på Portalen, med ein oppmuntrande tekst attåt!
Vi sjåast!
Endre
Det ser ut som dokke hadde det fint sjølv om den snøen var litt irriterande. :) Fine bilder og flott veir:)Håpe påska blir slik ja!