Sæbøjente til UKM si fylkesmønstring

 

Jentebandet The Cameltoes med 17 år gamle Camilia Åmbakk frå Sæbø og Voldajentene Katrine Eliassen og Inga Klepp Bjørndal, vann ungdommens kulturmønstring i si klasse i Volda. Dei går dermed vidare til fylkesmønstringa på Molde den 23. - 25. mars.

Jentene går på musikklina på Volda vidaregånde skule.

 

Elles kan det nemnast at The Cameltoes vann ”battle of beat” på kaihuset før jul, der premien var gåvekort på kr. 5000,- frå Lydmakeriet. Dei var og i Bergen og spela på ein konsert mot rasisme i februar.

Lytt til låten "Times Goes Bye" her http://www11.nrk.no/urort/user/?id=58008

Lykke til på Molde jenter J