Sm__dalstindane

Urkeelva skal byggjast ut, og gje kraft til 1.750 husstandar.

Fredag ettermiddag var det eit informasjonsmøte på Urke, der Tussa presenterte planane og framdrifta av kraftutbygginga. Tussa håper å ha kraftverket klart til forsyning i løpet av neste vår. 

Utbygginga på Urke er den andre småkraftverks-utbygginga selskapet gjennomfører i Hjørundfjorden. Den første var på Trandal. Frå før har vi sjølvsagt Tussa-utbygginga på Bjørke, men det kan knapt kallast småkraftverk. Dei nye kraftverka utgjer under ti prosent av den mengda Tussa-kraftverket produserer av straum. 

Det står meir om saka i laurdagsutgåva av Møre-Nytt.