Kolåstinden er nemnt som klassikar blant mål toppturar for skinedfartar i Dagbladet. 

Dagbladet Sportmagasinet kom med kåringa i dag, fredag den 30. mars. Dagbladet har bedt toppturentusisasten Arne Litlere saman med Fri flyt-redaksjonen finne ut kva område som er "Dei fire store" blant toppturområda i landet. 

Sunnmørsalpane kom med blant Dei fire strore, saman med Lyngsalpane, Romsdalen og Hurrungane (Vest-Jotunheimen).

"Skal eit toppturfjellområde hamne i noregstoppen, bør det verte tilbydd ein brei variasjon, stort tal høgdemeter, spektakulær utsikt - og eit solid knippe etablerte superklassikarar", heiter det om kva kriterium som ligg til grunn for kåringa.

- Når alt kjem til alt, har Noreg fire område i toppklassa, og dei overgår andre område både når det gjeld talet fjell og kvaliteten på skikøyringa, seier Litlere til Dagbladet.

Om Sunnmørslpane heiter det m.a. at den kystnære naturen er vill og vakker, og at det flerie stader er nedfartarder ein kan køyre frå 1.500 meter og ned til fjorden.  Sunnmørsalpane vert definert til fjellområda på begge sider av Hjørundfjorden.

Slogen, dronninga i Sunnmørsalpane. 

Plussfaktorane for Sunnmørslpane er mage fjell å velje blant, fantastiske omgjevnader og variert eksponering og variasjon kor bratt ein ynskjer å stå på ski. Minusfaktorane for Sunnmørslpane er ikkje overraskande ustabilt kystklima, og at snøgrensa kan krype raskt ganske høgt om våren.

Som døme på to toppturar vert Kolåstinden og Grøtdalstinden teke fram. Kolåstinden som den lette klassikaren, og Grøtdalstinden som den middels vanskelege med ei fantastisk nedkøyring.

I artikkelen vert det også peika på at her er rikeleg med aktørar som driv hytteutleige, og at her er campingplassar.  

Folk kan lese meir om overnattings- og serveringsstader i Hjørundfjorden med å nytte denne linken: www.hjorundfjord.no/?side=kategori&kategori=9