Skolen låg bare nokre meter frå heimen til ho Selma.Såg ho ut gjennom stoveglaset, var han der like ved vegen.Det vesle huset lyste opp, fint og kvitmalt. Inne var der eitt stort rom til undervisning med tavle, doble pultar og ein lærar som utan tvil ynskte at ungane skulle ta inn i seg at lærdom - det var vegen framover i livet - for fattig som for rik. Her gjaldt det å konsentrere seg, og ikkje la seg forstyrre av kvardagen utafor.

Robert, kan du syne oss Amerika på kartet ? -Det var Keiser Ferdinand, det,Johannes. Kva er ni ganger ni Nils ?- Kor er det blitt av han Ingvald idag, Selma?

Utafor skolestova i Årskogane gjekk hovudvegen gjennom Bondalen. For å komme til Sæbø for å handle, Fiske, vitje lækjar ,prest eller  eller treffe kjentfolk, måtte dei passere rett utafor skoledøra! Svært interessant for dei som var på skolen. Og for alle andre som var så heldige å bo langsmed landevegen i desse (etter minnet) svært så gode gamledagar.

 S seier S, K seier K, O seier O, S-K-O las dei i kor...

Ei kjerre skranglar i grusen. Han far eller onkel. kanskje ? Knasande skritt,men kven sine? Dei høyrde lydane der dei sat og stava, men visste ikkje kven det var. Kvifor var det slik?

Svar: Vindauga var kvitmala så høgt opp at ingen fekk lov å sjå ut, ikkje læraren ein gong!

No var det Selma sin tur å seie fram salmeverset. Ho skulle reise seg, men fekk det ikkje til. Raud og flau stod ho likevel på ein måte med bøygde kne. Kvifor ?

Svar: Luringan på pulten bak hadde bunde dei lange flettene hennar fast i ryggen, så ho ikkje kunne stå oppreist !

Og kor hadde den nyfikne Ingvald tatt vegen ? Sein ettermiddag var han heime igjen. Gjennom orekratt,over elva, kravling mellom busk og stein før han var i Olavshola, staden for segn og historiske draumar.

....

Men kor vart det av den vesle skolen? Vart tømmeret brukt ein stad i dalen ?