Skattejakta har utvikla seg til å verte eit populært arrangement i Hjørundfjorden, og stadig fleire har vorte med i trimquizen. Opplegget i år følgjer same lest som tidlegare år.
- Det vil seie at det vert konkurrert gruppevis. Det er minimum to personar på kvar gruppe, og inga gruppe kan ha meir enn seks vaksne personar. Det er start og mål ved klubbhuset, og ute i løypa vil folk finne seks postar, der det er spørsmål av ulik vanskegrad i tenkjelege og utenkjelege kategoriar, seier Øyvind Taklo, leiar i fotballgruppa i Sæbø IL.
Som vanleg stiller sponsorane velvilleg opp for Sæbø IL, og det ventar flotte premiar. Det vert premiar til dei beste laga kvar dag, pluss deltakarpremiar. Hovudpremiane vert trekte mellom dei laga som deltek begge dagar.
Litt om reglande: Alle formar for hjelpemiddel under tevlinga er forbode. Det vil seie oppslagsverk, aviser, mobiltelefonar og berbare pc-ar osb. Dette skal vere ei uhøgtideleg tevling, der trimmen, både den fysiske og for hjerna, er det viktigaste.
Premieutdelinga er på Sagafjord Hotel kvar dag.
Tidleg post! (30.03.2007 kl. 12:03)
Eg ber om å få ein tidleg post i år! :)
Einar J. Tvergrov
(30.03.2007 kl. 10:48)
Og så no når eg endeleg har lært meg til dei faste rutene til Hustadneset og Sæbøneset...Ja ja. forandring fryder sa svensken og snudde på det runde bordet.
Postane er i alle fall lette å finne. Slik var det ikkje alltid i Skattejakta sin spede barndom. Deltakarane fekk utlevert kart, og ledetrådane kunne nokre gongar gi fleire alternativ. Hugsar at to lokale heltar erfarte dette då dei svirra i området rundt Sagafjord utan å navigere seg til rett post. Å sløkkje tørsten på uteterrassen på hotellet vart derfor den enkalste løysinga :)
Ser fram til god skattejakt i år! Knut, watch out...
ps. Svein Myhre, dersom det blir fjellquiz i år, er du hjarteleg velkomen på lag :)
Kjell-Johan Aarseth
Rampa (29.03.2007 kl. 20:09)
Spørsmåla vert sjølvsagt ikkje røpte, men ei av rutene kan vi røpe. Viss veret tillet det, og det vil seie at det ikkje kjem snø, vil ein eine dagen gå den nye rampa frå Hustadbrua og fram til nye-Rise, og derifrå ned att mot Sæbø via Gamle-Rise. Det kan verte ein flott tur.
Rune Sæbønes