Separatistrørsle no!
Klassekampen 03.03.2007
Jon Hustad jon.hustad@klassekampen.no


Så er ho komen, denne boka som styresmaktene gong etter gong har prøvd stogge. Vive la Sunnmøre libre! som Charles de Gaulle heilt rett sa det.

På torsdag fekk eg ei bok i posten. Ved nærare ettersyn synte det seg å vere det beste skrivestykke som nokon gong er publisert etter Fredrik Barths klassiske artikkel om sunnmørstrålaren («The analytical importance of transaction», London 1966). At boka kjem ut i denne konstruksjonen som altså vert kalla Noreg, er rett nok berre trist. Det kunne ha vore så annleis. Etter endå eit oppvaskmøte med desse altfor venstreorienterte sosialistane i Ålesund, skreiv Håkon Lie at Ap burde selje Møre til Skottland. For den gjengen såg ikkje på seg sjølve som nordmenn, meinte partisekretæren. Han hadde sjølvsagt heilt rett.

Boka er elles gjeven tittelen «Sild og grandiosa - meir om livet på Sunnmøre». Ho er skriven av frukostverten i TV2, Arill Riise. I TV2 tener Riise om lag millionen for å syne fjeset sitt ti dagar i månaden. Arbeidsavtalen er skammeleg dårleg.

Arill0001

Då farmora til underskrivne hadde fylt 100, vart journalisten samstundes 29. Khomeini, som me kjærleg kalla henne, såg stygt på gutungen, som av økonomiske grunnar var tvungen i eksil.

- Kor gamal vart du no igjen?

- 29.

- Då er du straks 30 og må gifte deg. Har du funne deg eit kjerringeemne?

- Ja eg trur då det.

- Er ho frå Sunnmøre?

- Nei, ho er neda Oslo-kanten.

- Eg liker ikkje Oslo-damer!

- Men du har to verdøtrer frå den kanten. 

- Det har ikkje noko med å saka å gjere, men kva styrer ho på med?

- Ho er i ferd med å verte dokter.

- Å du syn. Har ho ikkje for mykje hovud for deg?

Men no det altså prova ein gong for alle, at farmor faktisk kunne ta feil, sunnmøringar er unike og mykje meir intelligente enn både doktorar og Oslo-folk, eller for den del, austjødar. At me ikkje har fått brorparten av Nobelprisane, syner berre kor djupt fordomane stikk. Samlaget skal elles ha ros for å ha brukt subsidiepengane våre til dette heilt naudsynte dokumentasjonsprosjektet (at boka kjem ut utan stønad frå Fritt Ord, er derimot ei skandale. Francis Sejersted må gå av!). For det er nett det boka er, eit storslege historisk prosjekt som truleg av rasistiske grunnar altfor lenge har vore neglisjert. Her stør elles journalisten seg på den einaste mannen som er like intelligent som ein gjennomsnittleg sunnmøring, sunnfjordingen og historieprofessor Kåre Lunden.

Då tanken om eit Holocaust-senter vart såkalla lansert, reiste Lunden seg og tok ordet.

- Eg vil stø eit slik prosjekt. Då under føresetnad at senteret tek for seg den heilt naudsynte oppgåva, nemleg å dokumentere denne forkastelege diskrimineringa av sunnfjordingar og sunnmøringar som går føre seg her til lands.

Arill Riise hevar seg over slikt. Han er ikkje oppteken av diskriminering. Han er sjølvtrygg nok til berre å la fakta tale for seg sjølv. Hadde akademiske posisjonar vore rett løna, ville dei fleste sett han som det han er, Noregs (at journalisten her nyttar eit så problematiske omgrep som Noreg, syner kor sterkt tankepolitiet til Heyerdahl og Harlem er vorte, red. merk.) største historikar sidan Halvdan Koht.

Boka har rett nok eitt problem, Riise trekkjer ikkje ein klar nok konklusjon av det overveldande materialet han har grave fram, det er som om han ikkje torer seie det høgt: Det einaste rette etter dette er væpna kamp. Går ikkje desse parasittane i Oslo med på sjølvstende, må me ty til våpna.

Men eg er redd det heile berre kjem til å fisle bort. For me er for smålåtne. Nett denne sida ved Sunnmøringen får Riise så inderleg godt fram, dette at me berre ikkje får oss til hisse oss opp. Riise fortel denne vesle soga: «På fjellgardane i Geiranger og Storfjorden var det ikkje uvanleg at kvinner fødde sitt tolvte barn når dei var 47 år. Ei historie som fortel om korleis livet kunne vere, er om mannen og den gravide kona hans som stod i potetåkeren:

- No trur eg du må springe etter jordmora, så kona medan ho stod midt i fåra og grov opp poteter. - Vatnet har gått.

- Å, eg tenkjer du gjer ferdig fåra di fyrst, sa mannen».

Eit anna problem sett i lys av kampen for sjølvstende, er at boka kanskje er for akademisk. Ho er til ei viss grad prega av eit ynskje om å take ut avstand. Eg ser ikkje heilt kva historier som dette kan tene til anna enn å skape konfliktar internt på Sunnmøre. Bondehat bør ikkje sunnmøringar dvele for mykje ved: «Alle bønder eig og eig heile tida. Det er ikkje nokon som eig så mykje som bøndene. Sunnmørsbønder er ekstra glade i bytesteinane og kjempar for å halde dei på plass. Ein fiskar på besøk i Ørsta kunne ikkje dy seg:

- Kven er det som eig dette vatnet, då? spurde fiskaren.

- Nei, det e' no ej, det, var svaret frå bonden.

- Du må passe betre på det, ser du ikkje at det renn ut der borte, var kommentaren frå fiskaren».

Nett her er det at Riise altså går for langt. Det er sjølvsagt styresmaktene i Oslo som her skal lastast. Eg kjenner denne bonden. Han har gjentekne gonger søkt om å nytte vatnet til kraftproduksjon, svina i det såkalla Miljøverndepartementet seier nei gong etter gong. Helen Bjørnøy er ikkje noko anna enn ei femte kolonne.

Men alt i alt: Boka er eit meisterverk frå ein meister.

Til slutt: Eg er klar over at det finst små menneske der ute som ser konspirasjonar over alt. Ja, det er rett at underskrivne er tremenning til Riise. Til det er det berre å seie at intelligente menneske per definisjon nærast automatisk syner seg å vere i slekt. Kåre Willoch til dømes var ein smålåten tremenning av far min. Eg har elles om lag 150 tremenningar. Eg hadde ikkje gjort mi plikt som journalist dersom eg ikkje frå tid til annan skulle lyfte nokre av desse fram.

P.s. Allereie på måndag tek Jon Hustad til i sin nye jobb i den nynorske vekeavisa Dag og Tid.  Administrator