IMG_2248

Sæbø-jentene er flinke i handball. Kva gjer vi for å markere dei under jubileet?

Mi meining er at i jubileumsåret har idrettslaget sjansen til verkeleg å markere seg i lokalmiljøet.

Det må ikkje mistolkast slik at vi ikkje gjer det allereie.  Vi er den største og viktigaste barne- og ungdomsorganisasjonen i Hjørundfjorden.

Gjennom fotballen og handballen engasjerer vi nær hundre barn og unge i flotte aktivitetar. Gjennom barneidrettsgruppa inviterer vi born og unge inn i verda som heiter trim og idrett. Gjennom fotballen er vi heilt særmerkte på Sunnmøre fordi vi greier å stille eige A-lag i fotball. Det er knapt andre bygder på Sunnmøre som greier det med vår storleik. Det skal vi vere stolte av. 

Gjennom fantastisk innsats frå bygdefolket greier vi å arrangere Hjørundfjorddagane kvart år. 

Sæbø-tjørvåg2 

Terje Holen, Mats Riise og Marius Riise jublar for Sæbø-mål. Skal vi feire ekstra i 2008?

Gjennom utruleg dugnadsinnnsats opp i gjennom åra har vi skapt eit idrettsanlegg ingen klubbar på vår storleik har: Grasbane, grusbane m/lys, handballbane, treningsfelt gras og ballbinge + klubbhus. I tillegg er vi engasjerte i å skaffe Sæbø ein ny gymnastikksal som gjer at vi slepp å sende dei yngste heilt til Ørsta på handballtrening. Spørsmålet er om vi i jubileumsåret kan gå utover desse rammene, og gjere noko endå meir. Eg meiner det.

Eg tillet meg å kome med følgjande idear (fleire er ikkje mine, men innspel som har kome til meg direkte, og faktisk generelt her på portalen). 

1)      Veterantunering for menn i fotball på Sæbø stadion. Ymse årgangar av Sæbø-lag sett saman, kanskje  mot andre klubbar i same års- og vektklasse.

2)      Handballturnering for born på bana vår.

3)      Fotballturnering for born, jenter og gutar.

4)      Sjuarturnering i fotball old-bys herrar.

5)      Sjuarturnering damer. (Den einaste noregsmeisteren i fotball Sæbø IL har skapt, heiter Katrine Nydahl).

6)      Triathlon: Symjing badestranda til trappa på kaia, sykling frå Sæbø til øvste parkeringsplassen i Kvistaddalen, og løp opp til toppen på Skårasalen.

7)      Badestemne på kapteinskvia/badeplassen (sjølvsagt i slutten av juli).

8)      Freeride Dalagubben ned til Sæbø om vinteren.

9)      Skiløp frå heimste-Holen over Keipen og ned Skondalen til Sæbø.

10)  Skiløp frå Follestaddalem samfunnzhus opp til Frølandsdalen og ned med målgang Sæbø stadion.

11)   Løp frå Finnes til Sæbø, sommar eller vinter.

12)   Rise rundt: Terrengløp på vårparten med start og mål på Sæbø stadion: Fram rampa og ned att ganlevegen.

13)   Olavshola opp: Ein mildare variant av Saudehornet.

14)   Sykkelløp for barn og unge med postar (har vi allereie)

Eg kunne ha nemnt fleire idear, men inviterer i staden lesarane av hjorundfjord.no til å kome med forslag. Eg vil foreslå i styret i Sæbø IL at vi tidleg på hausten tek eit folkemøte/idedugnad der medlemmene i Sæbø IL kjem med forslag til korleis vi best mogleg feirar 75 år med organisert idrett i Hjørundfjorden.

Helsing

Rune Sæbønes

Nestleiar Sæbø Idrettslag