Sæbø-jentene er flinke i handball. Kva gjer vi for å markere dei under jubileet?
Mi meining er at i jubileumsåret har idrettslaget sjansen til verkeleg å markere seg i lokalmiljøet.
Det må ikkje mistolkast slik at vi ikkje gjer det allereie. Vi er den største og viktigaste barne- og ungdomsorganisasjonen i Hjørundfjorden.
Gjennom fotballen og handballen engasjerer vi nær hundre barn og unge i flotte aktivitetar. Gjennom barneidrettsgruppa inviterer vi born og unge inn i verda som heiter trim og idrett. Gjennom fotballen er vi heilt særmerkte på Sunnmøre fordi vi greier å stille eige A-lag i fotball. Det er knapt andre bygder på Sunnmøre som greier det med vår storleik. Det skal vi vere stolte av.
Gjennom fantastisk innsats frå bygdefolket greier vi å arrangere Hjørundfjorddagane kvart år.
Terje Holen, Mats Riise og Marius Riise jublar for Sæbø-mål. Skal vi feire ekstra i 2008?
Gjennom utruleg dugnadsinnnsats opp i gjennom åra har vi skapt eit idrettsanlegg ingen klubbar på vår storleik har: Grasbane, grusbane m/lys, handballbane, treningsfelt gras og ballbinge + klubbhus. I tillegg er vi engasjerte i å skaffe Sæbø ein ny gymnastikksal som gjer at vi slepp å sende dei yngste heilt til Ørsta på handballtrening. Spørsmålet er om vi i jubileumsåret kan gå utover desse rammene, og gjere noko endå meir. Eg meiner det.
Eg tillet meg å kome med følgjande idear (fleire er ikkje mine, men innspel som har kome til meg direkte, og faktisk generelt her på portalen).
1) Veterantunering for menn i fotball på Sæbø stadion. Ymse årgangar av Sæbø-lag sett saman, kanskje mot andre klubbar i same års- og vektklasse.
2) Handballturnering for born på bana vår.
3) Fotballturnering for born, jenter og gutar.
4) Sjuarturnering i fotball old-bys herrar.
5) Sjuarturnering damer. (Den einaste noregsmeisteren i fotball Sæbø IL har skapt, heiter Katrine Nydahl).
6) Triathlon: Symjing badestranda til trappa på kaia, sykling frå Sæbø til øvste parkeringsplassen i Kvistaddalen, og løp opp til toppen på Skårasalen.
7) Badestemne på kapteinskvia/badeplassen (sjølvsagt i slutten av juli).
8) Freeride Dalagubben ned til Sæbø om vinteren.
9) Skiløp frå heimste-Holen over Keipen og ned Skondalen til Sæbø.
10) Skiløp frå Follestaddalem samfunnzhus opp til Frølandsdalen og ned med målgang Sæbø stadion.
11) Løp frå Finnes til Sæbø, sommar eller vinter.
12) Rise rundt: Terrengløp på vårparten med start og mål på Sæbø stadion: Fram rampa og ned att ganlevegen.
13) Olavshola opp: Ein mildare variant av Saudehornet.
14) Sykkelløp for barn og unge med postar (har vi allereie)
Eg kunne ha nemnt fleire idear, men inviterer i staden lesarane av hjorundfjord.no til å kome med forslag. Eg vil foreslå i styret i Sæbø IL at vi tidleg på hausten tek eit folkemøte/idedugnad der medlemmene i Sæbø IL kjem med forslag til korleis vi best mogleg feirar 75 år med organisert idrett i Hjørundfjorden.
Helsing
Rune Sæbønes
Nestleiar Sæbø Idrettslag
Kommentarar
Kva med å få samarbeid med hesteeigera i fjorden om rideturar kring om i fjlla?
Kva med å få samarbeid med dei som arrangerer toppturar (Sumnørsposten, summnøre turlag og andre) å få disse lagt til Hjørundfjordfjella? Eller arrangere egne toppturar?
Flott at de vil prøve nye ting og - og at idrettslaget vil nytte høvet til å markere seg på ein slik måte. Det er vel egentlig berre fantasien som set grenser :-)
Det var vel den spreke Arne Svilosen som var initiativtakar til "gudstjeneste-løpa" på 80-talet. Det var eit godt initiativ, og det vart vel ikkje akkurat færre folk i kyrkja dei søndagene heller..Svilosen var også med på nokre fotballtreningar med A-laget hugsar eg, og me andre vart ikkje noko meir forsiktige i tacklingane for det, men eg trur me var litt meir forsiktige i språkbruken :)
Punkt 12 kan minne om gamle Hjørundfjord-karusellen som også vart gjennomført på 80-tallet. Du stilte sjølv opp på denne Rune i 1986, med start/mål på grusbana. Reknar med du hugsar både den forrykande starten din på løpet men at du feilrekna lengda på løpet..
Når det gjeld veteranlag så har ikke Sæbø noko problem med å stille lag i ein slik jubileums-cup. På dei årlege veteranturane er me som regel mellom 15-20 påmelde, så her kan me heilt sikkert få til lag enten det er 11-lag eller sjuar-cup.
Det store spørsmålet er vel meir om Tor Nordang endeleg får knytta på seg fotballskoa igjen :)