Som nemnt set vi som bur i Hjørundfjorden stor pris på at vi har venner utanfor fjorden. Vi veit at Svein Myhre er ein av dei. Ein annan er Ola Wattø. Ola er fabrikksjef på Nortura BA/Gilde sitt slakterianlegg i Ålesund. Han også bur i Ålesund, men mange dagar i året er han å finne i Hjørundfjordfjella. Ola Wattø veit også korleis han skal få til god reklame for produkta til oss samvirkebønder...
Eg har fått lov å bruke desse fotoa på hjorundfjord.no - som ein liten reaksjon på Vibeke Mo si reklame for Q-meieria. :)
Dette er ei lita oppgåve for dei litt vidarekomne - kva heiter fjella i bakgrunnen og kva heiter fjellet Ola står på?

Fotoet over er så vakkert at vi må legge inn eitt til. Under står Ola framleis på det same fjellet. Kva heiter det?
Og kva fjell ser vi i bakgrunnen her?
Eg er imponert (20.03.2007 kl. 00:16)
Ja, over har vi no sett to frå Ålesund i akjson. Eg kan ikkje seie anna enn at eg er imponert over Svein Myhre sine kunnskapar om Hjørundfjordfjell. Han har her langt fleire opplysningar enn boka "Fjellturar på Sunnmøre". Og når svigerfaren har arbeidd på tidlegare Vestlandske salslag(VS) sitt anlegg, kan det ikkje verte betre.
Nei, Vibeke, heller ikkje eg kan sjå noko gale i å "skjult" reklame når den er plassert på Hjørundfjordfjell.
Knut Hustad
Svar på quiz (19.03.2007 kl. 19:03)
I fare for å være for detaljert,
Første bildet:
Dette er et klassisk motiv av Brekketinden, Slogen og Jakta som jeg har sett mange ganger. Spør du en fra Stranda, står han på Brunstadtinden. Spør du en fra Sykkylven står han på Sætretindane. På kartet står det Dalmannshornet. Kjært barn har mange navn :)
Så ser vi nok snøkuppelen på Risenosa ut mot venstre, og mellom beina til Wattø ser vi toppen av Geithornet ved Gullmorbreen.
Under flagget ser vi Kvistadkjerringane lengst bake, den taggete fjellrekka (knapt synlig). Nærmest under flagget ser vi fortoppen av Brunstadhornet.
Andre bilde:
Tatt fra samme fjellet, rett under det gilde flagget ser du Brunstadhornet, mens til høyre ender fjellet i Velleseterhornet. Lengst bake ser vi Ørsta-fjell, men bildet er for lite til å se hva det er.
Ola Wattø har jeg hørt om via svigerfaren min, som tidligere jobba i VS (A.Skomsøy). Siden jeg har vært oppmerksom på navnet har jeg også sett det igjen i mange toppbøker :)
Svein Myhre
Reklame.. (19.03.2007 kl. 17:57)
hehe, eg kan ikkje sjå at det er noko gale i å legge inn reklame i "skjult" form - har hjorundfjord.no nokre retningslinjer på det? Så lenge fjella er med er vel alt tillatt! (og eg har ingen fjernaste anelse på quizen..) Fine bilder og fint flagg - men no er det vel ny tur med nytt flagg?
Vibeke Mo