Når andre tek påskeferie opnar Dagfinn (Daffa) og Kanutte (Nutte) Strand igjen dørene til Strands Bakeri på Sæbø. Onsdag den 28. mars er opningsdagen og klokka 1000 står Nutte klar bak disken med hyllene fulle av ferske bakarvarer.

IMG_3842

Daffa og Nutte opnar Strands bakeri til påske.

Opningstidene vert frå klokka 1000 til 1600.  Laurdag den 31. mars og påskeaftan vert opningstida frå klokka 1000 - 1400.  Så dei to ynskjer alle som vil kjøpe Hjørundfjordbrød, Ørstabrød, skulebollar, wienerbrød, eller kva sort bakarvarer ein nærast måtte ynskje, hjarteleg velkomne.  Sjølvsagt vert det også høve til å kjøpe seg ein kopp kaffi i kafeen.

Dei to vedgår at dei nok ikkje vert så mykje rikare av å halde ope desse dagane i- og rundt påske, men dei gjer det svært så gjerne som ein service til fastbuande i området, tilreisande og turistar.

IMG_3838

Bakar Daffa lovar at han skal ha nok brød til alle som vil kjøpe i påska - sjølvsagt også dei populære hjorundfjordbrøda og ørstabrøda.

Når påska er over, vil bakeriet halde stengt ei kortare periode, men allereie i midten av mai vil dei opne igjen og den opningstida vil vare sommaren over.  Men som nemnt - i påsketida er dørene til bakeriet opne og alle er hjarteleg velkomne.