http://www.smp.no/default.asp?page=1024&item=876357,1&lang=1  Dette er adressa til Sunnmørsposten.   Du kan også prøve adressa til VG: http://www.vg.no/pub/vgart.hbs?artid=168700

Lensmann Guttorm Hagen i Ørsta seier til hjorundfjord.no at ein mann er død etter å ha blitt teken av snøras.  Denne personen er ikkje frå Ørsta kommune.

Det var to personar som gjekk i lag til fjellet Sylkallen frå Standaleidet.  Den eine personen  - ein mann - er no død.

Leiar ved operasjonssentralen  i Sunnmøre politidistrikt Kåre Hanken opplyser til hjorundfjord.no at det var to tjekkiske menn på 21 og 22 år som gjekk på tur til Sylvkallen i dag.  Den eine av desse to bur- og studerer i Volda.

Dei to hadde gått opp i Nøvedalen etter "sommarruta" - dei hadde gått frå skiltet som viser vegen til Nøvedalen.  Det var då dei var på veg ned frå Sylvkallen at den eine vart teken av eit snøskred.  Kåre Hanken veit ikkje om det var nokon av dei to som hadde løyst ut dette snøskredet.  Hanken er ikkje sikker, men trur at dette aktuelle snøskredet gjekk mens dei to framleis var over skoggrensa.

Hanken opplyser elles at det hadde blitt mildt i området og dermed vart snøskredfaren stor.  Ja, faren for snøskred var så stor at hjelpe-/leitemannskapet ikkje følte seg trygge mens redningsarbeidet pågjekk.

Etter det hjorundfjord.no forstår, har den omkomne tjekkaren vorte teke av snøskredet oppe i ca. 1200 meters høgde.  Lensmann Guttorm Hagen fortel til hjorundfjord.no at mannen vart funnen på 670 meters høgde.  Den 22 år gamle tjekkiske turkameraten, som er student i Volda, hadde allereie funne den omkomne då han ringde politiet.

Elles opplyser lensmann Hagen at snøskredet vart utløyst av aktivitet i området.  Dei to turkameratane hadde valt ulike nedkøyringsstadar - den omkomne valde å renne ned eit gjel som er litt lenger inne i Nøvedalen enn det som er vanleg (litt lenger til venstre sett frå toppen)

04032007202

Foto:  Knut Arne Årseth, Sunnmørspsoten. 

Her ser vi ambulansehelikopteret, politi og medlemmar i Skredgruppa som vart frakta opp til ulykkesområdet v/Sylvkallen.  Sylvkallen ser vi rett over masta i bakgrunnen til høgre.

Det var medlemmar i Skredgruppa i Ørsta og Volda som fekk gravd fram den omkomne.  Denne skredgruppa er sett saman av personar frå dei Volda- og Ørsta Røde Korps Hjelpekorps samt Sunnmøre alpine redningsgruppe.  Det var i alt 20 personar frå skredgruppa som rykte ut.  9 av desse vart frakta opp til området med luftambulansen/helikpter.  Dei resterande medlemmane tok skina fatt.

I tillegg til Luftambulansen var også Redninghelikopteret frå Ørland på staden i tillegg til ambulanse og ambulansepersonell.  Lensmann Hagen opplyser også at Skredgruppa og resten av dei som var tilstades, trenar på slike redningsaksjonar kvart år.  Difor gjekk redningsaksjonen svært godt.

Når det gjeld spørsmålet kva utstyr dei to brukte, veit ikkje lensmann Hagen nøyaktig dette enno, men dei hadde tungt utstyr og var godt kledd.  Likevel stod altså livet ikkje til å redde til hans om vart teken av snøskredet.

Lensmann Guttorm Hagen rår skigåarar i høgfjelelt til å bruke sende- og mottaksutstyr slik at ein person kan verte raskt funnen av turkameratar dersom uhellet skulle vere ute.  Hagen understrekar også at det er viktig å ta med spader og søkestenger.    Det er også svært viktig at ein tek kloke vegval under nedkøyringa/renninga.

Rapport frå skredet ved Sylvkallen - Ørsta Røde Kors.

Les på denne adressa:  www.orstarodekors.no/?id=newsmanager&s=nature&news=67fe9697bc