Diverse 001

Tore Stokke og Karl Asgeir Sæbønes i nemnda for ny gymnastikksal på Sæbø skule studerer den førebelse skissa.

Srokke informerte nyleg både årsmøtet i Sæbø IL og sist måndag styringsgruppa i Hjørundfjorden bygdemobilisering om prosjektet.

Det kan no sjå ut som om det vert byggjestart i 2008. Stokke peika på at det er løyvd 800.000 kroner til forprosjekt i år. Allereie er det engasjert ein arkitekt som skal utarbeide skisseprosjekt både for Sæbø skule sin gymnastikksal og tilsvarande på Vartdal.

Skisseprosjketet skal verte ferdig til sommaren, og umiddelbart startar arbeidet med forprosjektet. – Vi håper det vert klart til desember, orienterte Stokke, som har tett dialog med oppvekst- og kulturetaten i Ørsta kommune i denne saka.

Det ser også ut til at det vert ein gymnastikksal på seksten gonger tjuefire meter. Det er ei over dobbel så stor flate som i dag. Det viser seg nemleg at ein slik storleik er enklast å finansiere, då det er mogleg å få inn fire millionar kroner i statlege spelmidlar.

Stokke trur prosjektet då kan vere fullfinansiert med statlege og kommunale midlar. Likevel er det eit lite atterhald. – I Hjørundfjorden må vi ha ein plan B som går ut på å skaffe til veges ei toppfinanseirng på kring 400.000 kroner viss vi ikkje får til fullfinansiering med offentlege midlar, orienterte Stokke.

Bygginga av ny gymnastikksal på Sæbø er del ein i renoveringa av skulen. Byggjesteg to vil vere ungdomsskuledelen, som no er snart førti år.

I tilknyting til den nye gymnastikksalen vil det verte vesentlege betre sanitærforhold. Det vil kome to garderobar, mot no ei, moderne dusjanlegg og fleire toalett. I tillegg vil det kome eit styrketreingsrom som kan kombinerast med ei scene, og scena kan nyttast både til innandørs- og utandørsarrangement.

Det er også mogleg det vert eit klasserom i nybygget, slik at eit klasserom i eksisterande skulebygning kan frigjevast til samlokalisering av skule- og folkebibilioteket.