villsaulam 

Lamma er allereie eit par veker gamle og fulle av hopp og sprett. Underteikna, Linda og Nikolai greidde ikkje vente til det kom fleire, vi måtte berre ha oss ein tur å sjå på dei. Sauene står for tida inne i gamlefjøsen på garden, der dei går på talle. Dei fekk kome inn då det store snøfallet kom etter jul, før det hadde dei gått ute. Grunnen til at dei framleis er inne er at det er like før dei fire andre vill- sauene lammar, og i det siste har Jorunn og Per observert tydlege revespor nesten dagleg like inntil tunet i Årskogane. Det beste for lamma er at dei i alle fall er stødige på beina før dei slepp ut så dei har ein sjanse til å kome unna rovdyra.

jorunn matar 

Her får heile flokken gode Westre-brød med Jorunn, lamma har begynt å forstå kva som foregår 

Dei fem sauene går i flokk heile året saman med ein ver. Dei klarar seg stort sett sjølve, men dei tek seg ein tur inn i løa kvar dag for å få høy no vinterstida. Ute i øyane greier vill-sauene seg hovudsakeleg utan å bli fora, men tilgangen på  lyng, mose, tang og lav er ikkje så stor akkurat her, så tilleggsfor må til. Jorunn handmatar dei med bollar og brød kvar dag, dette for å kome nærare dei for å få dei meir tamme. Dette er ein stor fordel om ein har behov for å fange dei inn til dømes når dei skal ha medisin eller når ein skal rive ulla av dei. Ein gong i året er det vanlig å rive av dei heilårsulla, dette skjer som oftast midtsommar.

Det som gjer  villsauene litt spesielle er at dei har få komplikasjonar med lamming, dei greier seg godt sjølve, og dei får sjeldan meir enn to lam. Lamma er også mykje mindre enn hos dei vanlege sauene, dette fordi villsaurasen er ein ganske sped rase som ein gjerne kan samanlikne med spel- sauen. Villsauene har heller ikkje same tilgongen på næringsrikt for som kraftfor og silo, dette har også verknad på størrelsen og mengda på lamma.

jorunn og lam

Jorunn lukkast å fange eit av lamma så vi fekk klappe det. Ulla kjentes heilt annleis ut enn på til dømes eit dala-lam, dette var meir som pels. 

veren får mat

Nikolai og Linda fekk også prøve å mate dei. Dette er veren som altså er faren til lamma

ver

Veren har store flotte horn, men er slett ikkje så farleg som han ser ut. Sannsynlegvis spring han først om du møter han 

Av andre dyr på garden har dei ein flokk ”vanlege sauer” og gjetarhunden Tinka. Dei andre sauene har normal lamming rundt påsketider.

hund

Hunden Tinka er nok til god hjelp ein gong i blandt

lamma kviler

Dei to søte små tok seg ein kvil i den lune halmen, det spørs om oppmerksomheita røynte på ;-)