- Råsa startar v/kvernhuset på Vollane.  Like ved finn det også ein parkeringsplass, sa ein svært så hyggeleg  Nils Barstad i Barstadvika til oss.  Ikkje lenge etter var Fred Ingar (Somby) og eg på veg opp gjennom krattskogen mot Gamlestøylen.  Men ei lita åtvaring:  Kombinasjonen ski, ryggsekk og krattskog passar best for den som likar å pleie eit komande hjarteinfarkt...

DSC04306

Unngå ski og krattskog dersom du er redd for hjarteinfarkt...

Vi hadde sett vêrmeldinga frmover og søndag bestemte Fred Ingar og eg for å ta oss ein tur på Storhornet ved Bjørke dagen etter.  Men måndagsmorgonen tikka teksmeldinga inn: - Oppkast og magesjau, eg må avlyse.  Når Fred Ingar avlyser ein fjlltur, forstod eg at det var alvor.  På meg vart det vedaskogen i staden.  Tirsdag og onsdag var det min tur å ha mageproblem, men onsdag gjekk Fred Ingar likevel på fjelltur.  Truleg berre for å irritere.  Sjølvsagt var han raskt ute med å legge ut om den fantastiske turen på Svintinden her på portalen også.

Men i dag (torsdag) måtte det bli ein fjelltur.  Vassdalstinden eller Jønshornet?  Eg hadde sett biletet av Jønshornrenna som Fred Ingar tok frå Svintinden.  Det måtte bli Jønshornet - kven har ikkje høyrt snakk om Jønshornrenna?  Men vi måtte vere heime til klokka 17. Ingen problem - vi starta frå Vollane klokka 1300.  Også denne gongen gjekk Fred Ingar seg på ei rype i skogkanten, men på nytt var skistaven uladd.

IMG_3631

Fred Ingar sin skistav er uladd.

Vi var altså på veg mot Jønshornet etter rute 6.2 i boka Skiturar i Sunnmørsalpane og snart var vi ved Gamlestøylen.  Problema i skogen var det slutt på - det var berre å legge i veg i retning Jønshornet, eller Ramoen som dette fjellet også blir kalla av vartdalingane.  Men Fred Ingar hadde ein tendens til å drage i frå.  Han hadde helt sikkert hatt langt mindre mageproblem enn eg.

IMG_3633

Frå Gamlestøylen mot Ramtinden er det berre å lange ut. Kvitneset og Breisundet i bakgrunnen.

IMG_3636

Ein må sjå litt stort på det dersom det manglar litt snø her og der på ein vårskitur.  Fred Ingar har i alle høve lue på seg, mamma mor i Alta...

Ingen av oss hadde vore på denne fjelltoppen før.  Så spørsmålet måtte diskuterast opp til fleire gonger - kvar var denne så mykje omtalte toppen?  Men Fred Ingar hadde med seg den tidlegare omtalte boka - kom ikkje å påstå at mannfolk ikkje les litteratur - og etter litt mat, ein diskusjon og litt skigåing til, kunne vi sjå toppen ved sjølvsyn.  Kva har vi gitt oss ut på, tenkte eg?  Og kva med tida?

DSC04308

Jønshornet, ja - men på kva måte skal vi kome oss opp fjellryggen? Er det no det er på tide å snu, tenkjer eg.

IMG_3641

Her er Fred Ingar komen til Ramoskaret.  Ein mann vert liten i slike omgjevnadar.

Fred Ingar tek styringa og snart er vi ved Ramoskaret.  Å kome seg opp herifrå med ski på føtene, kjem ikkje på tale.  Dei vert igjen festa på ryggsekken - heldigvis er det lite med krattskog her, men det er bratt og tildels isete.  Isøksene må fram, men stegjarna får ligge i sekkane. (Men det hadde nok ikkje vore dumt å ha dei på).

Heldigvis går det betre enn venta med å kome seg opp.  Det ser gjerne betre ut når ein kjem seg inntil fjellet. Men frå ca. 1200 meter til toppen er det svært varierande føre - det er tørrsnø/fokksnø, det er is og det er også litt påskesnø nokre stadar.  Vi ser også tre andre personar som kjem seg til topps før oss, men dei har gått opp Jønshornrenna.

IMG_3645

Så er vi der - på 1419 meter.  Høgare er det vanskelegar å kome for Fred Ingar.

- Houston, we have a problem, seier Fred Ingar. Eg forstår kva han meiner.  Vi har nådd toppen av Jønshornet.  Dette er ein fin stad å vere den dagen ein fyller 48, som eg, men klokka er 1640.  Kona mi brukar ein fridag, ho har laga god middag til storfamilien og vi har lova å vere heime til klokka 1700.  Kva no?

Vi innser at vi har gått på ein sprekk - det er berre å ringe.  Vi er nok ikkje heime før klokka 19 - gebursdagsbarnet kjem alt for seint til eige selskap...  Men vi tek oss tid til litt mat på toppen.

DSC04312

Kaffi og sjokolade høyrer til.  Toppen som er kvit heilt opp - bak hovudet mitt -  er Randers Topp.  Rett framom panna mi er Mohns Topp og den mindre toppen framom Mohns Topp igjen, er Holtanna.

IMG_3650

Eg kom no meg opp eg også...

IMG_3643

På tide å kome seg ned att. Ved kneet til Fred Ingar startar Jønshornrenna.

Vi hadde altså bestemt oss for å renne Jønshornrenna ned.  Den har ein hellingsvinkel på ca. 40 grader og fell ca. 600 høgdemeter ned i Molladalen.  Den smalaste passasjen er på 3 meter, men den er heldigvis nesten heilt øvst i renna.  Og la det vere sagt - Jønshornrenna skuffa ikkje.  Vi var svært heldige med forholda.  Ikkje fonnfare og eit passa laust lag heilt øvst i snøen. Heldigvis slapp eg også krampe i beina. Eg legg ved ein del foto under.  Kan ein få det betre?

IMG_3652

På det smalaste er Molladalsrenna 3 meter brei. Ca. 600 høgdemeter lenger nede ser vi Molladalen.

DSC04318

Lang og flott Jønshornrenne.

IMG_3656

IMG_3658

IMG_3659

IMG_3661

Og det er framleis laaangt igjen ned til Molladalen for Fred Ingar.

IMG_3668

Her er underteikna i den nederste delen av Jønshornrenna.

dsc04281

Og er det framleis nokon som lurer på korleis Jønshornrenna ser ut, legg eg ved dette fotoet som Fred Ingar tok frå Svintinden dagen i forvegen. Den smalaste passasjen er øverst - rett over skuggepartiet.

IMG_3675

Heilt nederst vert renna slakkare - og snøen blautare.  Men Fred Ingar likar seg frafmleis.

Og la det vere sagt - vi hadde skina plassert på føtene heile vegen ned.  Men etter spora å døme hadde nokre få brukt storebremsa som framkomstmiddel ned Jønshornrenna.  Eller var det min gode skikompis frå m.a. skirennet X2, Cato Ryste, som hadde vore på Jønshornet med langrennski og akebrett? :-)

Vi må vel også ha med ein liten quiz her til Svein Myhre og andre lokalkjende.  Kva heiter fjella på fotoet under?

IMG_3669

Kva heiter desse tre fjella?

Restem av turen ned Molladalen gjekk fint.  Ned Erdalen (heiter den det?) vart det litt verre - det tok til å minke på snøen og etter kvart vart det litt stygge lydar under skina, men vi kom no heim hit til Årsethaugen - klokka 1910.  Og tru det eller ei - vi fekk god middag, kaffi og kaker.  Og eg fekk gåver også frå  barn og barnebarn.  Kan ein ha det betre?

Tusen takk for gode helsingar undervegs.  Eg vart nok litt sein å svare - men det var oppmuntrande å få dei.  Eg skulle gjerne møtt opp og takka dokke i handa alle saman.

Men Knut J. Riise:  Kyrne i fjøsen venta heilt til klokka 21...