Lovorda var mange og store då dei fem samarbeidsparnarane Cruice Service AS, Sagafjord Hotell, Rekkedal Gjestehus, Christian Gaard og Hotell Union, Øye, kalla inn til pressekonferanse på Sagafjord Hotell på Sæbø i dag.  Og Bjarne Rekkedal slo det fast allreie då han ynskte gjestar og presse velkomen: - Målet er å igjen gjere Hjørundfjorden til den fremste opplevingsfjorden i Noreg.  Det målet skal vi klare - fyrst og fremst ved å vere produktutviklarar.

IMG_3601

Flesteparten av gjestane til pressekonferansen, kom med passasjerbåten MS "Nordic Sky" frå Ålesund.

Dei fem representantane frå dei ulike samarbeidspartnarane var samstemte - berre ved eit tett samarbeid vert dei sterke nok til å bygge opp ei sterk turistsatsing på Hjørundfjorden.  Og her var ordet dugnad eit stikkord.  Bjarne Rekkedal hos Rekkedal Gjestehus fortalde at dugnadsånda hadde lang tradisjon i Hjørundfjorden.  - Difor er dette samarbeidsprosjektet så viktig, sa Rekkedal, det gjeld å hjelpe kvarandre.  Bjarne Rekkedal var likevel rask til å understreke at nærmarknaden framleis ville vere det viktigaste satsingsområdet sjølv om tilreisande turistar i dag stod i fokus.

Hotelldirektør Per Ola Ratvik v/Hotell Union Øye understreka kor viktig samarbeid er på sin måte:  - I Hjørundfjorden er det mange små juvelar.  Til saman vert desse juvelane eit heilt smykke og det er dette smykket vi skal selje.

IMG_3614

Representantar frå dei fem samarbeidspartnarane.  Frå venstre ser vi Frank Storeide frå Christian Gaard, Margrethe Rekkedal frå Rekkedal Gjestehus, Per Olav Moldvær frå Cruice Service AS, Per Ola Ratvik frå Hotell Union Øye og Sigurd Johan Torheim frå Sagafjord Hotell.

Ordføraren i Ørsta, Hans Olav Myklebust og varaordførar i Ålesund, Knut Fylling, kom begge med helsingar.  Knut Fylling meinte at eit av dei største problema med Hjørundfjorden som reisemål i dag var at turistane hadde få stadar dei kunne bruke pengar.  Likevel var det optimismen som prega pressekonferansen.  Hjørdis Kristoffersen i Ørsta Reiselivslag var sterk og klar:  Denne satsinga kan gjere det slik at Ørsta endeleg kan bli ein reiselivskommune.