Vi som sit i valnemda har fått nok representantar til dei forskjellige verva, utanom leiarjobben.
Karin Frøland har vore leiar i mange år, men kan no tenke seg å få andre til å overta. - Ho vil sitte som styremedlem og vil gjerne hjelpe til med overgangen til den nye leiaren, - viss vi finn nokon?
-I ei lita bygd må vi alle prøve å dele på oppgåvene slik at vi ikkje vert redde for å ta på oss ei oppgåve, og føle at vi blir nøydde til å ta den for 10 år framover;-då vil ingen gå inn i styra vi har i bygda...
-Vi i valnemda håpar på god oppslutnad på årsmøte, og håpar leiaren då er på plass?-
Tek du utfordringa?- Ta gjerne kontakt.
Elisabeth - Mari Anne - Hege
Skrevet av:
Elisabeth Å Dimmen
Kanskje betre markedsføring. (17.03.2007 kl. 19:36)
Eg kan ikkje forstå at Helselaget er gått ut på dato, for det arbeidet som dette laget har gjordt har vore svært viktigt. Som alle andre lag så slit dette laget også med leiar og her er få av dei unge som har tid og anledning og engasjere seg.
Kanskje de er for lite flinke å skryte av dykk sjølve så dei unge oppdager kor flinke de er?
Eg oppfordar alle til ta ein skikkeleg diskusjon her, no i kveld og i morgon, så vi får fram synspunkta og kanskje det vert stort frammøte i morgon kveld.
Ein ting er eg sikker på, til betre eit lag er å informere om kva dei styrer med til meir interesse vert det å delta! Kanskje kan Helselaget og andre lag verte flinkar å finne på engasjemang som passer betre til dei unge.
Ivar Svein Mo
Hjørundfjord bygdemobilisering
Kjønnskvotering,forts. (17.03.2007 kl. 14:25)
Kommentaren kom inn midt i ei setning.Skulle sei at det ikkje er noko problem å bli ny medlem.Ragna Riise var leiar imange år.Karin Frøland tok over for at Ragna skulle få sleppe å sitte lenger,nå har Karin kome i same situasjon.Det må ikkje verte slik at den som tek ansvar må sitte på livstid,eller tilsist legge ned laget.Det var mange helselag i fjorden den tid Hjørundfjord helselag var i si glanstid.Nå er det berre tre.Standal har kasta inn handkledet,og meldt seg ut som eige lag.Har helselaga gått ut på dato?Den som vil vite meir om det vi arbeidar med kan møte på årsmøtet søndag.
Helga Mo Riise
Kjønskvotering. (17.03.2007 kl. 14:05)
Det er ikkje noko krav at det skal vere ei kvinne som er leiar i helselaget.Vi har ikkje hatt menn i styret sidan 50-åra,kanskje det er på tide at dei kjem inn igjen? Dei er hjarteleg velkomne.Mange er betalande medlemar og det er ingen probFørste åra eg var på møte i helselaget var der fleire menn,men siste åra er dei berre å sjå på 1.mai basaren.Sjølv har eg vore styremedlem i fleire år og vil ha avløysing.Helselaget er tilslutta Nasjonalforeninga for folkehelsa,det er vel like mykje mannfolk som er interessert i helse,skulle ein tru.
Helga Mo Riise
Her er eit av toppverva ledige! (16.03.2007 kl. 11:39)
Bondalen Helselag er eit av dei best drevne laga vi har i bygda, og her er det virkeleg ei utfordring å verte leiar. Helselaget er opptekne av dei mjuke verdiane rundt oss, og leiaren treng vel ikkje noko anna kvalifikasjonar enn at han treng være ein person som er interessert i medmennska i bygda?
Korleis er det med kjønskvotering? Er det eit krav at det skal være ei kvinne?
Styringsgruppa oppfordra alle, mann og kvinne, å ta kontakt med helselaget for å høyre kva dette går ut på. Medlemskapet kan sikkert ordnast på dagen viss det er det som er hinderet.
Ivar Svein Mo
Hjørundfjord bygdemobilisering