I går, 18.mars, møtte 28 medlemar(inklusiv styret), frå Bondalen og Standal, til årsmøte på Grendahuset.
Anne Sofie Egset engasjerte forsamlinga då ho snakka om ulike sjukdomar som kan føre til demens. Kva situasjonar som kan oppstå og pårørande sine reaksjonar.
Vi hadde ein triveleg kveld og praten gjekk livleg i kaffepausen. Som vanleg var der god mat.
Det nye styret er: Idunn Myrene, Hilde Sæbønes, Sigrun Hjellen, Alfhild Wille, Anne Pauline Lyshagen, Ruth Rekkedal Pedersen, Karin Frøland. Dei konstituerer seg på første styremøte.
Kommentarar
Om ikkje leiaren kom på plass på årsmøte så består styret av 7 engasjerte damer som til ei kvar tid greier og er kvalifiserte til leiar vervet.
hjorundfjord.no stiller gjerne opp på fyrste styremøte og tek bilete av det nye styret med leiar, for å skrive ein repotasje på Hjørundfjordportalen. I allefall vi karane som arbeidar med portalen likar å skrive om og ta bilete av flotte damer.På den måten vert heile bygda klar over kven som sit i styret.
Ivar Svein Mo
Det er godt at det finnes engasjerte mennesker som vil drive dette arbeidet videre!