FREDAG 3.9.kl.17.00-20.00 VAR DET PÅ UNGDOMSHUSET PÅ ØYE DET SKJEDDE.....
Når "5 bussen" kom stod vi spente og venta.Bussen stoppa, det var heldigvis mange hadde tatt turen til Øye og hadde lyst til å danse.Alle fekk stempel på handa og dansen byrja umiddelbart.
Synnøve F. Nordang og Rebekka Skylstad hadde ansvar for dansesalen,musikken og aktiviteten der.Smurfemusikken var svært populær.Elles leika dei stol-leiken,tampen brenner,bjørnen sover og liknande leikar.Jentene aktiviserte ungane på ein svært fin måte og gjode dette til ein kjempe kjekke kveld.
Den siste timen kom Torill H. Øye (rett frå trening) og tilførte teamet ny energi.Etter ein time opna vi kiosken og hadde pause.Selde pizza,brus og litt godteri.Mange var svoltne og tørste,men dei var disiplinerte og stod fint i kø.Sjølv om pengane "brann i lommene" deira.
Etter pausa var det på igjen med dans og leik.Ungane var fornøgde og fulle av intrykk når vi avslutta for kvelden.
TAKK til alle som kom og gjorde dette til ein vellukkka og kjekke kveld for oss i UL.Slogen.
Margrete Fivelstad
UL.SLOGEN.


Her går dansen i fint driv.
Matkø.

Stolleiken.

Reisefylgje.
Tusen takk til arrangørene (15.03.2007 kl. 16:36)
Fikk hjem to kjempefornøyde gutter her på fredag. Dette syntes de var kjempekjekt! Og takk til Roy som hadde et øye med dem.
Aanon Aanonsen
Gøy på Øyelandet:-) (14.03.2007 kl. 22:54)
Dette var kjekt og vi kjem gjærne igjen. Ungane storkosa seg og stemninga var høg.
Takk for eit fint arrangement.
Mvh
Roy Lillebø
Ja takk. (14.03.2007 kl. 22:47)
Portalen sine lesarar er sjølvsagt interessert i å få stoff frå Stranda og alle andre stadar. Vi har hatt innslag frå sjøfolk og reisebrev frå Australia, som har vore svært populære.
Hjørundfjorden treng impulsar utanfrå! Vi venter på å verte kjende med det daglege som føregår på Stranda Einar Arve. Som du skriv så vert det nok meir frå Norangsfjorden også, når breibandet er på plass.
Ivar Svein Mo
Hjørundfjordportalen Administrator
Breiband vil nok auke bruken av portalen (14.03.2007 kl. 20:19)
Eg er heilt sikker på at breiband vil gjere Norangsfjordingane til hyppige brukarar av portalen. Eg er utflytt Øyelending som bor på Stranda og er innom portalen i allefall 2 gonger for dag. Skal ta meg på tak og legge ut litt meir stoff her dersom det er interesse for det.
Einar Arve Nordang
Velkomne på portalen Øye. (13.03.2007 kl. 19:35)
Hallo i Norangsfjorden.Dette har vi venta på lenge, om å få lese om aktivitetar frå Øye. Håper dette er ein begynnelse på ein god komunikasjon ilag med alle andre bygdene i fjorden.
Vi vil svært gjerne høyre meir om kva som skjer i bygda.
Kanskje kan bygdemobliseringa hjelpe til med noke!
MVH Ivar Svein Mo
Hjørundfjord bygdemobilisering
Gratulerer (13.03.2007 kl. 18:20)
Det såg ut som om de hadde det kjempegøy. Godt med arrangement som blir drivne av dei yngre med. Eg trur vi treng fleire slike arrangement på tvers av bygdene (og ikkje berre i retning Sæbø). Gjerne slik at vi gjer nytte av bygdebåten med. Det gjeld å vise fram at vi faktisk brukar skyssbåten vår.
Hilde Muren