Då er det ein lur ide å ha eit felles, internasjonalt navn som ein kan kontakte. Forslaget som er landskjent og har vore i media i det siste, er at alle lager ein person som heter "ICE" (=In Case of Emergency (på norsk: I tilfelle ulykke)). Under dette navnet står den/dei personane som ein meiner bør kontaktast.
Ynskjer ein flere personer så bruk ICE1, ICE2, ICE3 osv. Det er ei enkel sak å få til, er gratis og kan gjere ein stor forskjell når det gjeld.
Så ta derfor fram mobilen og legg inn den internasjonale koda ICE i kontaktlista på mobilen.
Anbefalt (08.03.2007 kl. 17:26)
Det er veldig greit for redningstenesta at ein har ei slik kode å gå til på mobiltelefonar. Då finn ein lett fram til rett pårørande. Det er opp til den enkelte kven som skal være næraste pårørande - og det er ikkje alltid "mamma" eller "pappa". Det gjeld fram til ein er 18 år, men etter det kan ein velgje sjølv.
Det kan være greit at resten av familien er orientert om kven som er oppgitt som næraste pårørande og. Og at vedkomande veit det, og veit om ein f.eks. ynskjer å være donor dersom ting vert ekstra ille.
Og sjølv om ein helst trur at "dette skjer ikkje meg, berre andre" så er det veldig greit å være føre var...
Eva Aarskog
Ein internasjonal kode (08.03.2007 kl. 15:55)
Målet bak ideen er vel at dette vert ein internasjonal standard og ein slepp å leite i telefonboka for å finne pårørande, når tida er knapp og det gjerne står om liv eller død!
Ivar Svein Mo
hmmm. (08.03.2007 kl. 15:11)
Burde vert nok at det står "mamma" eller "pappa" eller lignende.
Bjørn Helge Rønning
ICE (07.03.2007 kl. 00:14)
Jammen ikkje dumt, ditte her skal jammen ej også gjere =))
Veronica Skogstrøm Bigset
Som høyrt så gjort (06.03.2007 kl. 22:06)
Høyrde om det på TV i kveld, greip etter mobilen og la inn ICE1 med det same. Det er da så veldig enkelt!
Enok Kippersund