Var det verkelig vert å gjere dette for ein ispinne i russelua? For mange var svaret ja. Dei første som kasta seg ut i det, var Edel Marie Erdal får Barstadvik, og Trude Saure frå Bjørke. Brita Sandal får Barstadvik og underteikna var neste ut. Gutane let vente på seg.

 

Trude har funne fram noko å tørke seg med

”Det var herlig på ein rar måte”, seier Trude Saure. Ho meiner det ikkje var så ille alt tatt i betraktning.

IMG_5100

Gutane visar musklar, dog det var jentene som måtte til livs først. F.v. Alf Marius Raaberg, Martin Oddekalv og Kim Reidar Tvedt.

Brita Sandal i luftig svev

"Når eg traff overflata av vatnet var det med ei skrekkblanda fryd. Det einaste eg tenkte, var at eg måtte kome meg bort til stigen og på land", kommenterte Brita.

Ein kald, men blid Markus Dimmestøl

Markus Dimmestøl kald, men glad for fullført russeknute. 

IMG_5104

Etterpå vart det tur på "Tredet" for kortspeling og kakao; noko måtte vi gjere for å få varmen attende.

Bileta er teke av Karoline Marøy og Cecilie Lid.