Det er altartavla i kyrkja på Skodje som i desse dagar vert restaurert i atelieret i fjøsen til målarmeister Kjell Arne Årseth på Rise i Bondalen. Men Kjell Arne er ikkje åleine om arbeidet – han har med seg den fleirårige samarbeidspartnaren Arne Bakken frå Oslo. Bakken er målerikonservator og driv firmaet Restaurering AS. Det er han som er den faglege ansvarlege for restaureringsarbeidet.
Målerikonservator Arne Bakken, Oslo.
Det er ikkje eit lite arbeid dei to har gitt seg ut på. Måleriet/altertavla er på ca. 2,35 m x 1,35 m. Det vart måla i 1880 åra av C. Brun, og det har vore i Skodje kyrkje sidan den tid. Men eigentleg er altertavla ein kopi av eit måleri av Adolf Tidemann, fortel Kjell Arne Årseth til hjorundfjord.no. Kjell Arne meiner å hugse at originalen heng i Brage kyrkje i Drammen.
Då vi kom innom atelieret, var ramma demontert frå måleriet. Måleriet låg på eit stort bord. Dette bordet er laga av ein annan samarbeidspartnar til Kjell Arne – finsnikkar Otto Stornes som bur på Vigra. Det spesielle med bordet er at det også tener som fraktekasse av måleriet/altertavla.
Altertavla ligg på ei kasse som også fungerer som bord. Kassa er laga av finsnikkar Otto Stornes, Vigra.
Å restaurere eit slik måleri er ein stor og omfattande jobb. Kjell Arne Årseth og Arne Bakken er engasjert av soknerådet på Skodje og prosessen starta for fleire år tilbake. Arne Bakken var i kyrkje og såg på måleriet/altertavla i 2003. Han laga så ei fagleg vurdering/tilstandsrapport og kom med framlegg til behandling. Det er altså Skodje sokneråd som er oppdragsgjevaren i dette høvet, men det er Riksantikvaren som er direktoratet for kyrkjekunst. Han vil helst berre bruke offisielt utdanna målerikonservatorar til slike prosjekt. Og det er her Arne Bakken kjem inn.
Arne Bakken trivst godt i atelieret i fjøsen til Kjell Arne.
Men Bakken er klar på å få fram den kunnskapen ”vår eigen” Kjell Arne Årseth sit inne med. - Kjell Arne er utdanna også som dekorasjonsmålar og via skulegang/opplæring/erfaring har Kjell Arne opparbeidd seg høg kompetanse på området, seier Bakken. Dei to har elles samarbeidd godt på fleire prosjekt og det heile starta med rehabiliteringa av Apotekergården/Jugendstilsenteret i Ålesund.
Mikroskopet er eit viktig hjelpemiddel for Kjell Arne Årseth under restaureringsarbeidet.
Det er mykje arbeid som skal til når eit måleri skal rehabiliterast. M.a. har dei to forsterka kanten rundt måleriet og før dei tok til å legge på ny farge på måleriet, la dei på eit vernande(blankt) lag over det heile. Så legg dei altså ny farge på utanpå dette laget. Dette vert fyrst og fremst gjort fordi då kan den nye målinga lettare fjernast dersom ein vil kome tilbake til originalen ein gong i framtida.
Kanten rundt måleriet/altertavla er no forsterka.
Men kva slags måling vert brukt til restaureringa, Arne Bakken?
Denne altertavla er måla med oljemåling, men når vi restaurerer kan vi prøve oss fram med ulike typar måling. Akkurat no brukar eg vassfargar. Dei kan – om ynskjeleg - lettare vaskast av.
Har de to frie hender til å gjere kva de vil med dette måleriet, Kjell Arne?
Nei, vi veit no kva oppdraget vårt går ut på og vi brukar også mikroskop for å finne kva for fargar som er brukt av målaren. Når vi vert ferdige, skal resultatet helst verte slik originalen såg ut i starten. Når vi arbeider har vi nok av og til også ei kjensle av at Riksantikvaren står og kikar oss over skuldra. Kjell Arne fortel også at dei fotograferer under heile arbeidet og dei skriv ned det som vert gjort. Denne dokumentasjonen vert overlevert til oppdragsgjevaren når arbeidet er ferdig.
Der er litt fleire enn ein pensel som må brukast under restaureringsarbeidet...
Som ein sjølv kan sjå, er det eit påskemotiv på altartavla – det er Jesus som står opp av grava. Det seier seg då sjølv at både Kjell Arne Årseth, Arne Bakken og ikkje minst Skodje sokneråd vonar at oppdraget kan vere ferdig til nettopp påske.
Målet er heilt klart å få altertavla ferdig til påske, seier Arne Bakken(t.v.) og Kjell Arne Årseth
No har Kjell Arne Årseth kanskje fått eit noko feil rykte på seg – mange trur nemleg at han berre driv med restaurering av kyrkjekunst. Det er slett ikkje tilfelle. Han – og gjerne Arne Bakken – tek også på seg oppdrag for private. Er det privatfolk, bedrifter eller andre som har eit måleri dei ynskjer skal verte reparert/restaurert, tek dei begge – eller kvar for seg – på seg slike oppdrag også. For ca. eit år sidan pussa dei t.d. opp eit måleri for Sparebanken Volda Ørsta. Ta gjerne kontakt, avsluttar Kjell Arne. www.kjellarne.no
Dei to lova til slutt hjorundfjord.no at vi skal få kome å fotografere når altertavla er ferdig restaurert.
Kommentarar