Kanskje ikkje , men mykje har i allefall forandra seg siste århundret. Eg las nettopp om ekteparet som for ei tid tilbake holdt på å ta poteter, kona ba mannen få tak i jordmora for fødselen var nær, svaret ho då fekk var at: " Å, eg tenkje du tek opp fåra di fyst!"

Ytterst ute i Hjørundfjorden var det også ei gardakjerring som kjende fødselen var nær, ho gjekk inn i stova for å føde. Mannen kom inn å skar av navlestrengen med ein skiten tollekniv så gjekk kjerringa i fjøsen for å mjølke ferdig før ho gjekk innat for å stelle ungen.

Takk og pris har tidene forandra seg........berre det at mange gløymer kvinnedagen og synest at den er overfødig syner det. Er den det?