Det har kome 169 mm nedbør på Hustad i januar, syner boka til Anne Hustad.  Høgste snødjupna var i perioden frå 5. - 11. februar (kuldeperioden).  Då synte målestaven at det var 50 cm snø.

Og den morgonen Anne målte mest nedbør var den 3. februar.  I løpet av det døgnet kom det 29 mm.  Desse millimeterane kom som regn, opplyser Anne til hjorundfjord.no.  Anne Hustad er vêrobservatør for Meterologisk institutt, Oslo.

No ventar vi på observasjonar frå andre - også Arild Stokke på Petterbakkane i Ørsta.