IMG_3521
Bygdefolket og alle som hadde tilknytning til bygda, møtte fram.

Det hadde møtt fram ca. 50 fastbuande og tilreisande, ved opninga ved kiosken, som har tilknytning til Bjørke for å markere Prillar Guri sitt 10 års jubileum, denne fine tidlege vårdagen. Kiosken var pynta for dagen med norske flagget og balongar og det var nesten 17.mai stemning.

Enok Kippersund ilag med kiosken

 Enok Kippersund ilag med Prillar-Guri, held opninga av 10års jubileumet.

Enok Kippersund held ein kort tale ved kiosken og gjorde det klart at kiosken som var ein instalasjon av stålplater og teknikk, hadde ei stor symbolsk verdi for Bjørke bygda som har vore med å samle menneska som bur her, til ein god stad å bu. Kiosken er teikna for 70 år sidan av arkitekt Georg Fasting og det vart oppsett 9000 kioskar av denne typa, så Prillar Guri har stor slekt. Tussa som eig området har gitt jubileums-komiteen løyve til å markere jubileumet etter eige ynskje.

Namnet til kiosken vart kome på  ein ettermiddag i mai 1997 etter at  aksjonsgruppa, for å bevare kiosken, hadde bolta fast  kiosken med kjetting i steinblokker.Etter at arbeidet var gjordt kunne dugnadsgjengen stige tilbake og sjå kor flott det vart blitt.  Der stod kunstverket i silhuett mot Bjørkehornet i kveldssola, - ei stridsmøy med fotside fletter.

Då vart namnet sagt: Prillar-Guri!

Etter denne dagen har Prillar-Guri vorten ein indentitet for Bjørkebygda.

Jubileumsnemnda Bjørke

Jubileumsnemnda frå v:Enok Kippersund, Marita Bett Jensen, Cecilie Rørstad, Gry Anita Skjåstad og framme Bård Rørstad Sellereite

Tilslutt ved kiosken vart jubileumskomiteen presentert med 3 voksne damer og Enok. Desse damene presenterte seg, og dei frammøtte vart ikkje tvil kva dei jobba for, når dei fortalde  kor dei brenn etter å gjere det beste for at Bjørkebygda skal verte ein stad der folk, unge og gamle kan leve saman i all framtid. Å bevare kiosken er ei markering for å vise at storsamfunnet ikkje berre kan kome å fjerne ulønsomme innstalasjonar  utan å vise noko sosialt ansvar for distrikta.

Opninga vart avslutta ved kiosken og no var dei frammøtte invitert til å delta til ei sosial ykt på Bedehuset med ein kaffi og noko å bite i.

Vi to som kom frå Bondalen traff mange kjente og vi vart blant dei siste som kom til  til eit fullt bedehus med mat og kaffi, så her var det  mange som hadde jobba på førehand og den gode stemninga var som  vanleg, svært god i dag også. Der var  fleire som hadde kome til etterkvart, og det viste seg at der hadde vorte seld 70 bilettar.

Bedehuset på Bjørke
Frå samlinga på bedehuset.

Enok tok også ordet her og med sin lune og gode måte, snakka han om opphavet til aksjonen. Den gongen i 97 var det krig og Bjørkefolket skulle forsvare seg mot store Telenor, så dermed vart kjettingar og store steinar henta fram. Enok er ikkje så sikker på at det er det rette no når vi skal markere ein seier frå den gongen, men steinane skal hentast fram som eit symbol. Skulle det kome eit nytt angrep så er kjettingane og generalane frå den tid klar på timen, for å forsvare Prillar-Guri.

Nemnda hadde vore i kontakt med Riksantikvaren for freding, men han tek seg kun av bygningar og rotfaste ting. Dette er ein instalasjon og då er det andre institusjonar som har den oppgåva og når det gjeld telefonkioskar så er det,- ja utruleg nok Telenor. Dette kan virke uheldigt i denne situasjonen og når det er no 200 til som ventar på freding så er det spanande kva som vert resultatet.

Aksjonskomiteen har laga T-skjorte og logo for aksjonen, og eit slagord. Slagordet er: "Vi meinar alvor og vil ha det kjekt"
Slagordet kjem frå den fyrste tida med bygdekontoret då dei hadde Edvin Sætre i lag med seg. Edvin var ein svært positiv kar for bygda og hadde som mål i allslags dugnad og arbeid for fellesskapet, at alle skulle ha det kjekt, som eit overrordna mål. Edvin døydde i 2002 og det vart eit stort sakn etter han.
Aksonskommiten i dei T-skjortene

Frå v:Gry Anita Skjåstad, Cecilie Rørstad og Marita Bett Jensen


Dei tre damen i kommiteen vart presenterte med dei nye T-skjortene, og her var det Ingvild Mork og Marita Bett Jensen som har utarbeidd logoen som var ein enkel og beskrivande illustrasjon. Det vart lagd ut skjema der folk kunne bestille T-skjorter.
Kommiteen vil arbeide for ein skikkeleg  festtilstelling til sommaren der det skal lagast kunst av det som vi har rundt oss, og det kan f.ek.s. være rundballar. Men som dei alle sa, skal dette lukkast så må alle ta eit tak og ikkje sitje å vente på at kommiteen skal ta intiativet til alt som skal skje.

Marita Bett Jensen

Marita Bett Jensen viser her fram T-skjorta under samtale med Enok.

Enokog og Bård

Enok fekk også overrekt ei teikning frå nesten 7 år gamle Bård Rørstad Sellereite som her er utsende frå "romfartssenteret " på Leira.

Ola Perry

Tilslutt fekk Enok overrekt ei teikning frå Bård Sellereite og Enok sette pris på dette innslaget etter at varaordførar Ola Perry Saure hadde yngst tiltaket lukke til videre framover.

Denne dagen var berre starten på jubileumsåret !