Eg når atti sola inne på Sledalsbøen, og det vert som ei anna verd.

DSC00014

Ved ferista på grensa til Risestøylen

Snart er eg komen inn på setra, og sola lyser på dei frosne sela.

DSC00017

Eg har ikkje tid til å ta av meg sekken, men går innom setra for å ta fleire bilete før sola reiser forbi.

DSC00019

Eg er så heldig som har fått evne til å nyte det vakre som naturen byr på!

DSC00020

DSC00022

Leif Håndlykken og Lars Petter Strandmann kjem etter at sola har reist, men dei kjem til eit sel som har vorte varmare etter kvart, og snart ligg eimen av julaftasteik i lufta.

Vi er 3 kompisar som brukar å jakte rype på Lesja, og som også  møtest på Risestøylen for å kose oss utpå vinteren.

DSC00029

Etter frukost så må det verte ein skitur i sola, så lenge som den varer. Einane har vorte skulpturar, og vi nyt synet.

DSC00033

Sola har ikkje kome til Rognestøylen endå , men den 11. får sela dei første strålane, fann vi ut.        Kubben til venstre, og Dukhornet i bakgrunnen, lyser opp i sola.

DSC00035

Det er tilsynelatande trygg is på vatna, og vi går mot nausta ved Storevatnet. Iskaldt og vakkert, men  kredene lever trygt nokre veker til, om ikkje han Uglebakken borar hol i isen då?

DSC00040

Vi ser ein del rypespor på vår veg mot Oksehølen, som er heilt tilfrosen. Hytta til Bjarne Hustadnes ligg fredeleg i bakgrunnen med mårspor heilt inntil veggen. Den kjem seg neppe innatt etter at pipa vart sikra med netting. Han onkel Bjarne og ho tante Ruth har slutta å leige ut hytta til måren no!

DSC00036

Blåfjellet og Verahaldet har vi mot oss når vi går tilbake til Risestøylen og tek oppvasken.

Frosen vasspost på Risestøylen

Eg tek med eit bilete frå ein måneskinstur i Rognestøyldalen, som Lars Petter og eg hadde for eit par år sidan.

Her er  vassposten, eller Tissemannen, som ungane kallar den, opplyst av haudelykta til Lars Petter. Er det ikkje flott! Den var nesten like frosen no,  men vi måtte ta vekk isen for å få tak i vatn

                                        Knut Riise.