Eg når atti sola inne på Sledalsbøen, og det vert som ei anna verd.
Ved ferista på grensa til Risestøylen
Snart er eg komen inn på setra, og sola lyser på dei frosne sela.
Eg har ikkje tid til å ta av meg sekken, men går innom setra for å ta fleire bilete før sola reiser forbi.
Eg er så heldig som har fått evne til å nyte det vakre som naturen byr på!
Leif Håndlykken og Lars Petter Strandmann kjem etter at sola har reist, men dei kjem til eit sel som har vorte varmare etter kvart, og snart ligg eimen av julaftasteik i lufta.
Vi er 3 kompisar som brukar å jakte rype på Lesja, og som også møtest på Risestøylen for å kose oss utpå vinteren.
Etter frukost så må det verte ein skitur i sola, så lenge som den varer. Einane har vorte skulpturar, og vi nyt synet.
Sola har ikkje kome til Rognestøylen endå , men den 11. får sela dei første strålane, fann vi ut. Kubben til venstre, og Dukhornet i bakgrunnen, lyser opp i sola.
Det er tilsynelatande trygg is på vatna, og vi går mot nausta ved Storevatnet. Iskaldt og vakkert, men kredene lever trygt nokre veker til, om ikkje han Uglebakken borar hol i isen då?
Vi ser ein del rypespor på vår veg mot Oksehølen, som er heilt tilfrosen. Hytta til Bjarne Hustadnes ligg fredeleg i bakgrunnen med mårspor heilt inntil veggen. Den kjem seg neppe innatt etter at pipa vart sikra med netting. Han onkel Bjarne og ho tante Ruth har slutta å leige ut hytta til måren no!
Blåfjellet og Verahaldet har vi mot oss når vi går tilbake til Risestøylen og tek oppvasken.
Eg tek med eit bilete frå ein måneskinstur i Rognestøyldalen, som Lars Petter og eg hadde for eit par år sidan.
Her er vassposten, eller Tissemannen, som ungane kallar den, opplyst av haudelykta til Lars Petter. Er det ikkje flott! Den var nesten like frosen no, men vi måtte ta vekk isen for å få tak i vatn
Knut Riise.
Kommentarar
Det var heilt urørt ned Tveradalen. Det såg ut til å vere forhold for "Terjehopp" utfor skavlen.
E direkte misunneleg på dokke som he vore på sætra å hatt en slik fin dag.
Takk igjen for at du dele turane dine med oss andre Larsa-Knut. Flotte bilde.