- Hei Knut, du kan berre parkere framfor garasjeporten.  Eg skal ikkje ut eller inn med bilen likevel seinare i dag.  Det er Anne Åse (Mo Kvistad) som ropar dette til meg frå hustrappa si på inste garden på Kvistad - lenger kjem ein ikkje med bil i dag. Det er hyggeleg å treffe slike folk som Anne Åse - kvar gong.  Klokka har passert 14 og snart er Fred Ingar (Somby) og underteikna på veg innover bomvegen i Kvistaddalen med ski på beina.

Nei, denne skituren var slett ikkje planlagt, men klokka 1230 ringde Fred Ingar frå Volda.  Han ville nærast kontrollere at eg ikkje hadde reist på skitur åleine - uforsvarleg som det er...  Det var nok det plutselege omslaget til flott vintervêr som uroa han. Samtalen enda som den måtte gjere. Og no var vi altså begge på veg inn den nemnde dalen.

IMG_3830

Fred Ingar er klar til å ta av frå bomvegen/setrevegen.

- Vi treng vel ikkje gå innom Blåhornet denne gongen for å kome opp på Storhornet?  Det er sjølvsagt  Fred Ingar som spør.  - Nei, vi gjer vel ikkje det, svarar eg - og oppdagar eg at eg ikkje er klar over kva fjell vi skal på.  Men Storhornet er fint, tenkjer eg.  Alle fjellturar er fine.

Vi tek av i svingen før siste bakken før Storsetra.  Her er ca. 10 cm nysnør/mjellsnø - eller puddersnø som det no heiter  - oppå det faste og fine gamlesnøen.  Ein får ikkje betre skiføre.  Oppover er det ikkje så bratt som det ser ut til frå vegen, men eg meiner likevel at Fred Ingar må krysse litt oppover.  - Kortaste vegen til topps er ei rett linje mot målet, svarar han.  Han har vel rett i det...

IMG_3836

- Den kortaste vegen er rett opp, seier Fred Ingar. Vi ser så vidt Grøttdalstinden i bakgrunnen.

DSC04057

Det vert varmt i hovudet for underteikna også - hua så vidt nedpå. Langhornet bak til høgre, så Dukhornet.

Det går flott den første halvparten av vegen oppover, men så vert det litt problem.  Underlaget er svært hardt og skifellane tek til å klabbee fordi nysnøen vert oppvarma av sola. (No veit eg at det finns sprayboksar mot klabbing av skifellar)  Festet vert svært dårleg anten eg går rett opp eller på skrå oppover.  Må eg snu?  Fred Ingar greier seg betre og ropar til meg at eg må ta av skia.  Eg gjer nettopp det og går dei neste 100 høgdemeterane på føtene med skia på skuldra.  Nu går alt så meget betre.

DSC04061

Skia på skuldra vert løysinga for meg - ei lita stund. 

Så flatar det litt ut og skia mine vert igjen plassert der dei høver best.  Dette vert ein fantastisk dag.  Sola varmar i ryggen og månen dukkar opp over kanten.

IMG_3841

Også månen vil ha med seg denne finevêrsdagen.

Snart er vi oppe på høgda og passere Kvistadkollen som ligg til venste.  Klokka nærmar seg 17.  Det er utruleg vakkert rundt om oss.  Det må fotograferast. Ettermiddagssola fargar  snøen i eit gult skjær.  - Kan dette vere ekstremsport, tenkjer eg... Fred Ingar er i ferd med å avslutte sjarmøretappen.  Målet er nådd.

IMG_3853

Målet er nådd - Storhornet 1377 m.

IMG_3851

Her ser vi Trandalfjella i bakgrunnen.  Trykkjer ein på fotoet over og får stor versjon, ser ein også Trandalhatten utan problem.

IMG_3854

IMG_3852

Her kjenner vi oss vel att?

Solnedgang

Så er det slutt på sola for i dag.  Bondalen ned til høgre.

DSC04076

Sola har gått ned og blålyset kjem fram.  Underteikna til venstre og Fred Ingar.  I bakgrunnen ser vi Skårasalen (1542 m).  Han får vente til ein annan gong.  Har Bodil (Skare) fått ned trimposten no, tru?

Klokka er 1745.  Det er på tide å renne ned.  Vi må vere ved bilen seinast 1830.  Dessverre mørknar det fort no og vi veit at det vert nærast uråd å ta gode foto av rask nedkøyring når lyset er  dårleg - men vi prøver.

Den første delen av nedkøyringa er slakk til ned forbi Kvistadkollen, men skia glir godt.  Eg kjenner at eg gler meg.  Det same gjer Fred Ingar.  Vi vert ikkje skuffa.  Nedfarta forbi den nemnde Kvistadkollen er fantastisk.  Og berre så det er sagt - det fyrste fotoet under som Fred Ingar tok av meg, er eg kort og godt stolt av.

DSC04078

Underteikna.  Dette er like kjekt som det ser ut til.

IMG_4008

Fred Ingar

IMG_4004

Inne i denne snøføyka er der ein mann.... Dett han, tru?

IMG_4005

Nei, hadde han det gjort hadde eg ikkje våga å lagt fotoet ut på hjorundfjord.no..

IMG_4011

Eit svært så uskarpt foto til.  Men det viser i alle høve at Fred Ingar kosar seg.

Vidare nedover svingar vi, stoppar vi og dett også.  Men når kroppen er varm og humøret på topp er det berre rein hygge sjølv for ein som nærmar seg 48.  Vi er ved bilen klokka 1825.  Tusen takk for parkeringsløyvet, Anne Åse. Og takk for turen, Herr Somby.

Knut Hustad

Litt tilbake til dette med ekstremsportturisme.  Reislivssjef Hjørdis Kristoffersen har altså sagt til meg at Ørsta Reislivslag ikkje kan satse på ekstrempostturisme.  Det vil vere uforsvarleg.  Eg oppfattar det også slik at ho reknar ein tur på Skårasalen for nettopp det.  Det er leitt.  Ein slik tur som nemnt over er slett ikkje ekstrem.  Det handlar sjølvsagt om skierfaring, men mest ork.  Ein må orke å gå opp - og det gjer svært mange no.

I går snakka eg m.a. med Per Atle Røe om fjellsportturisme.  Han er 15 år eldre enn meg, men framleis svært glad i ein skitur på fjellet.  Eg oppfattar det ikkje slik at han er iferd med å trappe ned p.g.a. alderen.  Nei, berre så det er sagt;  fjellturisme - skiturar på t.d. Skårasalen, Randers Topp og Kolåstinden  -  er slett ikkje berre for folk som  pluss/minus 25 år. 

Hadde eg vore guide for ei skigruppe på Storhornet i dag, hadde eg nok valt å gå opp dalen innom Blåhornet.  Tilpassing kan vere lurt.  Ein treng t.d. ikkje sende folk på Nordre Sætretind første dagen.

Men hovudpoenget mitt er at det er synd at så få skal få oppleve dagar på fjellet som i dag.  Og det er leitt at det berre er Ålesundsfirma/utanforståande som skal sende folk til fjella våre.

IMG_3850

Det er plass til fleire på fjella saman med Fred Ingar.  Er det Emblemsfjellet vi ser lengst bak?