I natt gjekk Gråstadfonna over vegen og i elva, og litt over på Norangsida. Høgspenten og ein transformator stod utsett til, men gjekk klar. Vegen er no sperra like framom skulen, mellom Øye og Skylstad, med ein fonnbrée på 80 meter bredde og 4 meter høgde, seier Idar Nordang som arbeidar ilag med Asbjørn Urkegjerde med å opne vegen att.Han uttaler til hjorundfjord.no at han truleg ikkje har sett denne fonna så stor nokon gong, men han hugsar den var stor for 7-8år sidan også.
Gråstadfonna I 7 feb.06

Fonna har teke laust heilt ovanfrå Slogen og den krame snøfonna har kome med mykje skog og har gått over vegen i to spirar, tilsaman 80meter breidde.


Denne gongen kom fonna heilt ifrå Slogen og har teke med seg mykje skog og er hard og tidkrevjande og opne, men karane har godt utstyr så dei meinar dei skal greie å opne vegen ut på dagen. Folk frå Skylstad som skulle på arbeid måtte gå over den store snøfonna og ta buss i dag.

Gåstadfonna II 7.2.06
Den eine fonnspiren har gått over elva til Norang

 

I går, kl.14.30 vart også vegen sperra lenger ute i stranda i Trysvika av ei stor fonn, men til all hell så var der  brøytemannskap på begge sider, så det gjekk greit og opne att, opplyser Idar.