Spørjetevling:- Kvar er dette?
Nokon som veit kvar dette er? Det er også ei lita historie til denne steinen....
Lagt inn av
Unn Frøland
18.02.2007 22:25
18.02.2007 22:25
Stikkord
Stikkord gjer det lettare å finne fram til stoff som er i ditt interesseområde. Du kan trykkje på eit stikkord for å få fram innlegg som liknar på dette.
Kommentarar
Rett skal vere rett. Knut har rett i at dette er olivinstein. Det gule laget på utsida er forvitringshud. Elles er olivin i hovudsak grøn. Ein amatør legg seg flat...
Ole-Ragnar Riise
Den ligg på vegen litt heimom Frølandssetra. Som mange har nevnt før er det flust av denne typen steinar. Då vi var små hadde vi stor glede av å skrive på disse når vi var på setra. Egentlig er det ein del av desse eg kunne tenkt meg å frede, i allefall ramme inne slikt som ikkje burde bli øydelagt.... Steinen du snakkar om Knut meinar eg å ha sett eit stykke framom og oppom setra, men eg har ikkje funne den att seinare.
Så var det historia..i frykt for attlevande og etterlatte nemner eg ikkje navn;D
Setretausene på Frølandssetra fikk titt og ofte friarar på besøk. Det var nok som oftast kjekt, men så var det ein som ikkje var så godt likt, ein som pent sagt ikkje var så mager av seg. Dei var veldig lei av denne innpåslitne friaren som støtt og stadig dukka opp i helgane, så ei helg tenkte dei at dei skulle gjere slutt på det. Dei gjekk ned til denne steinen og ripa sterkt inn i steinen " J.... FLESK" i håp om at han skulle sjå dette. Om friaren tok hintet trur eg nok utan at eg har fått det bekrefta. (Trur ikkje fornavnet viser lenger)

i nærheita av frølandssetra,dvs.litt nord..
Frode Holen
Olivinstein er det nok ikkje, heller ein variant av sandstein. Men kvar akkurat denne steinen ligg, er noko heilt anna...
Ole-Ragnar Riise
Ole-Ragnar Riise
Det ligg mange slike strødd i Frølandsdalen. Og eg har studert skrifta på mange, men denne, med flesk på har eg ikkje lagt til merke. Men eg vil etterlyse ein stein av omtrent same storleik som ligg eit stykke framom Frølandsetra der det står to bokstavar og årstalet 1899, med fin skrift. Eg kan ikkje finne den att. Har du sett den Unn?
Knut Riise
Unn Frøland
Den er mykje større. Vanskeleg å sjå her, men denne steinen er ikje større enn omlag 50x60 cm.
Unn Frøland
Kan det vere klokkarsteinen? Visst så er tilfelle ligg han i Frølandsdalen.
Lisbeth Aklestad
Kanskje den ligg bak i Frølandsdalen?
Else Marie Stokke
Eg veit ikkje kva steintypa heiter men slike ligg igjen etter istida her og der.
Det en mjuk stein (grøtstein) man kan skrive på ved hjelp av en spiker.
Det ligg en slik stein også ved oksehølene på vei opp i Tyssedalen.
Det en mjuk stein (grøtstein) man kan skrive på ved hjelp av en spiker.
Det ligg en slik stein også ved oksehølene på vei opp i Tyssedalen.
Perry Bjørke