IMG_4038

To skispor ned frå det mange Åmdalingar kallar Svartesnøkjelen - området utanfor Nottane v/Verhaldet.

Det er knapt eit skispor i bakkane på bygdene lenger.  Barn og unge renn ikkje der lenger - det er nok litt kjekkare å vere på Ørsta skisenter.  Der slepp ein å gå opp igjen etter ei flott nedkøyring.

Men dersom du i desse dagar ser litt høgare opp - oppom skoggrensa - ja, då oppdagar du sikkert skispor.  Flotte skispor.  Vi snakkar om flotte signaturar.  Spora skil klinten frå kveiten - dei flinke frå dei mindre flinke skiløparane.  Dei flotte skispora samlar eg på - tenk om eg hadde vore så flink.

På fotoet over ser vi to flotte spor.  Det til venstre er nok det mest spesielle.  Eg oppdaga spora på laurdag, fotograferte dei på søndag.  Kven har laga dei?  Eg har snakka med fleire.  Stig Helset frå Volda skal ha laga det til høgre.  Sjå på sporet til venstre.  Sjå på symmetrien.  Fantastisk.

Same dag - søndag, oppdaga eg ein person på veg opp sida til Grøttdalstinden.  Måndag morgon oppdaga eg nedkøyringsspora.  Sjå under.  Kven hadde laga dei?  Var det brukt slalom-/randonneutstyr eller det som framleis er vanlegast her på våre kantar; telemarkutstyr?  Det var berre ein ting å gjere - spora måtte undersøkjast på nært hald.

IMG_3833

Det vakre sporet i sida ned frø Grøttdalstinden.  (Vi veit no at det er laga av Per-Stian Vatne) Ned her er heller bratt - opptil 40 grader - sjølv om det ikkje ser slik ut.

Eg gjekk oppover i sporet som personen(Per-Stian) hadde laga dagen i forvegen.  Eg oppdaga snart ein person framom meg, men eg nådde han ikkje att før han snudde og rann ned. Diverre fekk eg ikkje fotografert han då han køyrde ned.  Eg gjekk vidare oppover.

IMG_3835

Den som vil gå til fjells, lærer skituppane å kjenne.  Slogen og Smørskredtind lengst i bakgrunnen. Jakta til høgre.

IMG_4001

Denne type skispor - oppoverspor - kan også vere vakre.  Særleg når ein sjølv kan nytte seg av dei.  Grøttdalstinden i bakgrunnen.

Jau, eg kom meg heilt opp på Grøttdalstinden, men det er ikkje noko viktig poeng.  Eg gjekk i alle høve ikkje heilt opp berre for å irritere den skiglade svigerson min Fred Ingar - ok, kanskje litt - men det er ikkje min feil at han måtte reise til havs igjen midt i den flottaste skisesongen...

Etter at eg kom ned frå toppen igjen tok eg ei pause der fotografiet øvst til høgre er tatt ifrå - nærast for å glede meg til turen ned. Nedkøyringa frå Grøttdalstinden er nesten på same måte som unnarennet i ein hoppbakke - ein ser ikkje kvar ein skal renne.

IMG_4022

Ein liten kvil før nedkøyringa. 

Før eg fekk starta nedturen gjekk sola bak nokre skyer.  Det vart litt problem med blindeføre.  Sola hadde også varma såpass at det var litt tungt i midtpartiet - der det er brattast - men personen framom meg (Per-Stian) er sikkert samd i at det var ein flott tur sidan han tok ein ekstra tur dagen etter.

IMG_4022

Sporet heilt til venste er eit oppgangspor.  Dei tre andre er nedkøyringsspor. (Trykk på foto for større versjon)

Det var altså nedkøyringssporet til venstre som inspirerte meg til å gå opp.  Vi ser at personen (Per-Stian Vatne) ikkje er nokon amatør.  Det er også han som har laga sporet heilt til høgre(måndag).  Kven laga så sporet i midten?  Det er meir usikkert, men det ser ut som det har gått bra i byrjinga sjølv om han har svinga titt for å unngå stor fart i blindeføret.  Ein ser også at personen har stoppa fleire gonger (truleg p.g.a. sure lår) og ein ser også eit par fall.  Ein kan altså lese mykje ut av skispor.

No ser det ut som det beste skiføret er over for denne gong, men snart blir det fint igjen - ver klar.  Det er sjølvsagt svært så kjekt at unge personar som Sunniva Stokke har gått på Keipen og rennt ned med snøbrett. 

Eg tek gjerne imot foto av flotte spor etter fine nedkøyrinar med ski eller snøbrett (ok- snowboard) frå Ørsta- eller Voldaområdet. Send dei gjerne på e-post (knut.hustadkrøllalfatussa.com) med dei nødvendige opplysningane.  Kanskje kan eg legge ut nokre her på portalen og kanskje vert spora oppdaga av friflyt.no og dermed vert du kanskje verdsberømt... Kven veit?