Morgonotta var spanande sidan vèrmeldingane ikkje alltid lystrar spådomen. Thomas trakk gardina til side med ei varsam og forventningsfull hand. Profetien hadde gått i oppfylling, og det var duka for ein slags hyllest. Sjølv sov eg. Då telefonen ringte, ante eg ufred. Ein særdeles nøgd legeson knegga fram budskapen- Thomas og Ståle hadde fått viljen sin.

"Vi skal på Grøtdalstinden," fekk eg forklart.Han far var overraska over det tidlege frokostfellesskapet. "Issa då, det ekje trygt i fjella no, eg synast at du skal halde deg heime."Far visste ikkje at Ståle Aklestad skulle vere med. "Han Ståle skal vere med," fekk eg forklart. "Sei du det. Det e nydeleg vêr i dag- dokke kjøme til å få dokke ein kjempetur!" Tillit til fjells må ein gjere seg fortent til.

I nydeleg solvêr traska vi oppover mot Frølandsdalen.Ved fossen snudde vi nasa vår og gikk opp vest for elva. Den fyrste pausa tok vi ved storefurua. Her fikk vi finjustert utstyret vårt. Ein genser av, ei hue til sidelomma og vottane lett tilgjengeleg i jakka. Litt proviantdeling vart det òg tid til, og høgdepunktet var då Thomas ville dele netene sine. Posen var full, og Ståle var særs imponert over utvalet. Etter litt småprat bar det oppover Bjønnadalen.

Første pausa var prega av finjusteringer og solkrem

Trass tungt utstyr utpeika Ståle seg som den naturlege "førarhunden."Den tyngste børa tok han med sitt vandte humør, og i i godt opptrakka løype kunne sjølv dei mest utrente lærarbein, les mine, takle vegen mot toppen. Thomas viste òg vilje av stål, og i perioder gikk han som besatt. Då var eg glad vi hadde ein teolog blant oss. På veg opp forstyrra vi fleire ryper somhadde kledd seg i vinterdrakta si. I par på to flaug dei opp fleira stadar. Naturen anda ro, og vi prisa han opptil fleire gongar. Sjølv ville eg gjerne stoppe opp og nyte den skikkeleg. Skjønt der var nok fleire grunnar til slik innanding av atmosfære. Når beina skreik, kunne det vere greitt å gjere reisefølget klar over ein nut som ikkje var der sist.

Pause midt i Bjønnadalen. Jørund og Thomas

Midtveges i Bjønnadalen vart vi meir og meir klar over at vi hadde truffe innertiaren. Puddersnøen var heilt fantastisk. Ikkje skorpe på, ikkje for tung, og akkurat passe med oversnø vi lett kunne svinge vekk når vi vi fann det passande. Stemninga steig stadig, og etter kvart som Grøtdalstinden torna nærare, fekk vi nye krefter.Det hjelpte sjølvsagt med ei sitteøkt halvvegs, der alle fekk testa heimelaga kakao, og der vi inntok grovbrød med ymse pålegg. ja, det var leverpostei, brunost og saltpølse dersom nokon lurte på det. Thomas hadde forresten syltaagurk på sin leverpostei.

Bjønnadalens hardaste parti nyss undagjort

 

Planen vår var å ta den siste rasta på toppen. Då det var 100 meter att til toppen, måtte vi feste skiene på ryggsekken. Vi jobba oss omtrent 50 meter opp, før Ståle innkalla til råd. Han la fram dei såre fakta, viste oss kor lett det øvste laget med snø lausna frå underskorpa, og han hadde også ein mistanke om at det kunne vere enda meir lettraseleg oversnø på sidene mot fjellhammeren i gylet. Vi rådslo kjapt, og vart samde om å ta siste rasta der vi stod. Toppen måtte vi la stå til ein annan gong. I det vi skulle setje oss til, starta han å blåse. Krafta var faktisk sopass at naglebiten kom med ein gong fingrane forlet vottane. Nokre bixitkjeks var det vi fekk i oss, før vi måtte søke ly i dalsida mot Frølandsveggen. Der var det derimot nydeleg, og vindfrosne kinn tina kjapt idet skikjørarparadiset opna seg. Den første bakken var akkurat slik vi hadde fantasert han skulle bli, og svinginga vart reine dansen. "Skriv at vi dansa ned bakken," sa Thomas då vi var vel nede og einige om at turen måtte på portalen.Vel, det kunne faktisk virke som om skia og snøen hadde meir enn akseptert kvarandre denne dagen. Ei hemmeleg ekteskapspaktvirka rettare illustrert når ein skal skildre samspelet, for vi gynga opp og ned kvar ein sving. Det var lite kjeftbruk i fjellsida. Ståle slo seg derimot ikkje til ro med å svinge. "Der må ej hoppe, " fortalte han, og skeina bort til det som for andre verka langt over grensa for kva som er helsetilrådeleg.

Ståle foran fjellknausen han gjorde om til eit hopp

 

Eit stort smil pryda fjesetdå han hadde utført eit vellykka hopp frå det høgaste punktet i fjellformasjonen bak han. Eg og Thomas hadde sett liknande på Discovery channel, men lot oss likevel imponere. Sjølve var vi i fistel etter både føret og køyrarane som sette spor etter seg i fjellsida. Under poserer syndarane stolt.

Sette spor etter seg gjorde dei

 

Det brattaste partiet vart likevel den finaste opplevinga. Her fekk vi den mest passande utfordringa, samtidig som vi fekk sett spor etter oss som vi kunne sjå frå dalen. Sjølv hadde eg aldri kjørt strekka tidlegare, og lenge drøymt om å få setje nedover nett denne sida. Opplevinga kan berre opplevast. Forstå setninga den som klarer. Under ser du Thomas i flott telemarkstil ned den fine Frølandssida.

 

Thomas Norheim

 

Ståle forsvann så fort at vi aldri fekk knipsa han i aksjon, men underteikna kan underteikne på at det gjekk fort og utan fall. Han hadde forresten valt å køyre med slalomski, og gav oss ei god forklaring på kvifor han gjorde seg so fort ferdig med den beste strekka. "Med slalomski må ein ha stor fart, slik ein virkeleg får kjenne på skjeret i skiene." Det har han nok rett i. Personleg var eg godt nøgd med mitt val av ski. Telemark. Eg kunne nemleg nyte skjeret med lågare fart. Det passa meg godt. Under ser du meg midt i Frølandssida. P.S akkurat her er eg uheldig med stilen. Konsentrer dykk om bakgrunnen som er nydeleg:-)

Jørund med flott bakgrunn

 

I enden av det flottaste strekket fann vi att Ståle. Då var han i likheit med oss to andre smørandes blide. Det siste biletet frå turen er nettopp av han, der han skuar utover Sæbø og er nesten ferdig med sitt guideoppdrag for dagen. Til stor glede for meg og Thomas- ja, og i same slengen bør eg slenge på fire foreldre.

 

Giuden og Hjørundfjorden

 

Etter at artiklen vart posta, fikk eg eit flott bilete i mailkassa mi. Ein lokalkjend skisporsamlar hadde knipsa oss på veg ned fjellsida. Biletet var var flott, og viser meg og Thomas i eitt av våre beste aungeblikk. Ståle er forlengst i botnen av sida.

jørund og thomas i flott driv