Det er Statens vegvesen som har ansvaret for ferjekaiene - også ferjekaia på Sæbø.  Som brukarane av hjorundfjord.no veit, er ferjekaia på Sæbø i dårleg forfatning, m.a. måtte turistferja M/F "Kværnes" slutte å gå på Hjørundfjorden tidlegare enn planlagt sist sommar nettopp p.g.a. denne ferjekaia.

I desse dagar vert det gjort naudsynte reperasjonar på ferjekaia og det er firmaet Olav Erik Hagen A/S i Stryn som utfører det praktiske arbeidet for Statens vegvesen.  Sjef for arbeidsoppdraget er Morten Frosterød.

IMG_3910

Morten Frosterød i firmaet Olav Erik Hagen A/S.

I går vart det sett opp forskaling i sjøen i passande avstand frå kaifronten og då hjorundfjord.no var på staden, vart det fylt betong i forskalinga.  Målet er å hindre at kaifronten rasar ut.  Faren for det har vore stor - spesielt når større ferjer går i rute på Hjørundfjorden.  Om dette arbeidet medfører at vi kan få tilbake turistferja til sommaren, kan ikkje Frosterød svare på.

IMG_3909

Betongbilar frå Opsahl betong A/S i Ørsta.

I denne omgang vart det brukt nærare 30 m3 betong for å hindre ytterlegare skadar på ferjekaia.   Det var ein dykkar som var nede i sjøen og passa på at betongen kom på rett plass.

IMG_3911

Det er denne kaifronten som vert forsterka ved ferjekaia på Sæbø.  I sjøen er det ein dykkar som passar på at betongen kjem på rett plass.