Try reklamebyrå lagar i desse dagar reklamefilm for Statkraft og i formiddagstimane i dag gjorde eit team på 10 personar opptak i fjøra til Lars Johan (Lasse) Sæbønes på Sæbøneset.

IMG_3903

Reklamefilmopptak i fjøra på Sæbøneset.

Og kva handlar denne reklamefilmen om, tekstforfattar Øystein Halvorsen?

- Det kan eg dessverre ikkje uttale meg om.  Du må nok vente og sjå.  Denne reklamefilmen vert nok etter kvart vist m.a. på TV 2.

Det som eg ved sjølvsyn kunne sjå vart filma, var eit papirark som flagra i vinden med fjella og fjorden i bakgrunnen.  Arket var festa i ei sen som igjen var festa i ei fiskestong. 

Heller ikkje Karin Lund, som er AD (art director) i Try reklamebyrå ville uttale seg om innhaldet i filmen.  Men ho var svært godt nøgd med opptaksstaden.  Meininga var at det skulle filmast frå helikopter, men i dag var visstnok ikkje vêrforholda gode nok til det - det var for mykje vind.

IMG_3905

Art director Karin Lund(t.v.) og teksforfattar Øystein Halvorsen i Try reklamebyrå lagar reklamefilm for Statkraft.

Tidlegare hadde teamet gjort opptak m.a. i Seljeområdet og etter at seangsen på Sæbøneset skulle dei til Mo v/Jølster og filme ein foss.