Første dagen i Sydney vart brukt til å sjå oss rundt i området kor vi budde, denne gongen i sentrum. Vi gikk tur gjennom Hyde Park, og var så vidt innom sentrumsgatene på veg tilbake.

Fredagen brukte vi til å sjå Circular Quay, det er her Operahuset og Harbour Bridge ligg. Så det vart tatt ein god del bilete her. På vegen dit stakk vi ein liten tur innom den Botaniske hagen, her vi fikk sjå Gray Flying Foxes som er ei type flaggermus. På vegen heim såg oss litt om i the Rocks, dette er ein koseleg gamal bydel med ein del små butikkar, gamle pub’ar og restaurantar.

pappa og mamma på veg til operahuset

Laurdagen tok vi ferga over til Manly, der vi satt ein ½ times tid på stranda ( dette er einaste strand besøket vi har hatt for heile opphalde her nede), og såg oss litt rundt i denne bydelen som er så prega av surfe og strandlivet. Etter og ha sett oss litt rundt på Manly gikk vi vidare til Sjømannskirka, ein fin 45 min spasertur frå Manly. Her fikk vi servert vafler og kaffi og vi fikk sjansen til og kjøle oss litt ned før vi starta på tilbakereisa.

på veg frå Manly til sjømannskirka

Søndagen reiste vi til Featherdale Wildlife park, der brukte vi dagen til å gå rundt blant australske dyr og fuglar. Her såg vi dei første undulatane for heile turen. Vi prøvde også og mate kenguruar og emuar, men eg trur at dei hadde fått meir enn nok med mat. Dei var ikkje interessert i maten vi hadde kjøpt til dei, dei låg berre på bakken og kosa seg. Her fikk og mamma og pappa tatt bilde av seg saman men ein koala.

Pappa prøver å mate ein kenguru

Måndag reiste vi til Canberra. Vi tenkte at det var ikkje mulig og opphalde seg i Australia utan og ha sett hovudstaden som skal vere for kald og kjedeleg til at deira eigen statsminister vil bu der. Etter besøket der så kan eg i allefall vere einige i kjedeleg, kald veit eg ikkje i og med at gradestokken nærma seg 40 grader også denne dagen. Det skal vist være nærare 400 000 innbuarar der, men vi såg ikkje noko til dei. Det var berre ein masse breie, rette gater, men lite folk. Det var og langt mellom husa der. Turistinformasjonen har dei lagt 2km utanfor noko som eg trur skulle likne på eit sentrum. Ca 2km i motsatt retning av ”sentrum” ligg Capitol Hill, der parlamentsbygningen ligg. Dette er vel den mest uproduktive dagen vi har hatt på denne turen, såg veldig lite men gikk veldig mykje. Var eigentlig greitt at besøket berre varte i litt under 6 timar, i og med at vi fortsatt er usikker på kva vi eigentlig såg denne dagen. Like før vi skulle til og reise derifrå fann vi noko som likna på eit handlesentrum, men sjølv Ålesund har eit større sentrum enn det vi fann i Canberra.

I Canberra

Tysdag var vi igjen tidleg oppe, denne dagen tok vi toget til Blue Mountains (namnet har det fått pga den blåaktige tåka som eukalyptusen lagar) der vi tok ein explorer buss som vi kunne hoppe på og av så mange gongar vi ville i løpet av dagen. Vi tok bussen til næraste taubane, tok den over ein smal dal og gikk oss ein liten spasertur, ca 45 min, forbi mange flotte utsiktspunkt over Blue Mountains nasjonalpark. Ved enden av stien fikk vi sjå dei 3 søstrene, dette er ein steinformasjon. Ei av forteljinga om denne formasjonen går ut på at faren til 3 systrer skapte dei om til stein for å verene dei mot 3 friarar som han ikkje likte fordi dei kom frå ei anna stamme (dette er ein av dei aborginske historie). På dette utsiktspunktet var og vårt neste buss stopp tok vi bussen først til næraste by for litt mat og så vidare tilbake til utgangspunktet og tok toget tilbake til Sydney.

Dei 3 søstre

Onsdag var siste planlagde tur. Denne gongen gikk turen til Hunter Vally for vin smaking. Dette var og dagen pappa fikk lære og kaste bumerang, den kom faktisk tilbake etter nokre forsøk. Vi fikk besøkt nokre vingardar og dei var ganske rause med det dei lot oss smake. Lurer på om det var derfor vi enda opp med og kjøpe så mykje som vi gjordeJ, eller om det var fordi vinen faktisk var så god at vi berre ikkje kunne reise ifrå den. På veg tilbake fikk pappa og mamma for første gong oppleve regn i Sydney, dei fikk til og med litt tore og lyn med på kjøpet.

På vinsmaking

Torsdagen vart brukt til og sjå oss rundt på Darling Harbour, eit koseleg område med mange restaurantar, og hotell og til og med eit kasino. Ei sikkeleg turistfelle med andre ord. Her ligg og akvariet og ein innandørs dyrepark bygd i glas. Vi haldt oss til og besøke akvariet, som åleine tok 2 timar og gå gjennom. Der fikk vi med oss mating av både saltvatnkrokodille og sel. Det var og mulig og gå under akvaria til selane og eit stort akvariet som inneheldt blant anna haiar, skater, store skilpadder og masse anna fisk, her var det store glastunnelar som det var mulig å gå gjennom. Du hadde då følelsen av å gå blant dei. Etter dette tok vi turen til China town for å innta middagen der.  

Darling Harbour

Fredag var det tid for å få gjort unna suvenir handelen. Utover det var det svært lite som vart gjort denne dagen. Berre den heilt nødvendige pakkinga. Trur nok at vi alle var litt sletne etter all reisinga og alle inntrykka.  

Trur nok at pappa og mamma er glade for at ferien er over no, dei har klaga i nokre dagar no om at dei er litt sletne. Det er heilt utruleg kor fort tida har gått, når vi kom ned hit høyrtest 25 dagar så mykje ut, men no når dei er over så virkar det ikkje så lenge i det heile tatt. Det skal også bli godt å få sove ut litt, og ta det rolig nokre dagar før eg igjen skal på reisefot denne gong vidare til New Zealand for ein 14 dagars rundreise der. Etter det skal det bli godt å kome i gang med studielive igjen, då kan eg i allefall ta det litt meir med ro i nokre veker før alle innleveringane startar.