Når vi gikk av flyet i Alice Springs var det som å gå rett inn i ein vegg av varme, men heldigvis var flugene fråverande (har høyrt at det skal vere mange av dei her ute i outback Australia). Det pappa slit mest med så langt på denne turen er verken flugene eller varmen, men mangelen på tekst-tv og det han kallar ”sikkelige” nyheiter. Her er litt for få nyheitssendingar for han. Hadde det ikkje vore for at han lærte å lese aviser og portalen på nette like før han reiste, slik at han skulle kunne få  lest Sumpen medan han var vekke, så veit ikkje eg korleis dette hadde enda J.

Fredagen måtte vi tidleg opp, kl 5.45 vart vi henta av bussen som skulle ta oss med til Uluru og Kata Tjuta. For dei som ikkje veit kva det er så er det 2 steinformasjonar midt i ørkenen. Begge desse tilhøyrer Aborginerane, og er hellige plassar for dei. Dei er også blant Australias mest besøkte turistmål. Bussturen frå Alice Springs til Uluru tok ca 5 timar, i flatt ørken liknande landskap. Heldigvis for dei som bor her ute var det ikkje fult så ørkenliknande som vi hadde forventa, dei hadde nettopp hatt litt regn så det var faktisk ganske grønt (Todd river, elva i Alice Springs, som normalt er tørr, hadde no små vann dammar i seg).

Pappa foran Kata Tjuta

Pappa foran Kata Tjuta 

Den dagen vi besøkte Uluru og Kata Tjuta kraup nok gradestokken nærare 40 grader igjen, men luftfuktigheita er ikkje så høg som i Sydney. Pga den høge temperaturen var det ikkje lov til å klatre opp på Uluru denne dagen, så det vart berre ein køyretur rundt med bussen. Etter dette vart vi køyrde til Kata Tjuta, der var det mulig å gå ein tur på ein sti mellom to av steinformasjonane der, men vi vart fråråda og gjere det av guiden, dette også pga varmen. Så det vart til at vi fann oss litt skygge og sette oss der og såg på ”fjellet”. Før vi reiste heim var det solnedgangs bufeet ved Uluru. Vi var tilbake i Alice Springs kl 1 på natta, og sjølv om vi alle var trøtte og ville legge seg så måtte vi alle innom dusjen for å få skylt av oss sveitta og den raude sanden etter ein av dei varmaste dagane våre så langt.

IMG_0027_2_1

Pappa og mamma foran Uluru 

Laurdagen brukte vi til å sjå oss litt rundt i Alice Springs, men eg må vel berre innrømme at store deler av morgonen gikk med til å sove ut og slappe av på hotellrommet. Dette gav og pappa tid til å skrive litt kort frå Australias indre. Vi starta dagen ute med å besøke Royal Flying Doctor Service, for ei omvisning, besøke vart avslutta med ein tur innom kafeen og suvenir sjappa der. Etter det gikk turen vidare til Alice Springs Reptil park. Der fikk vi med oss ein liten informasjons prat om reptila, og etter på var det mulig å få holde øglene og pytonslangen som hadde blitt vist fram under praten. Pappa var raskt framme og ville holde slangen, noko som overraska både mamma og meg, sidan noko av det pappa er mest redd for er slangar.

HPIM1047_1_1

Pappa held ein pytonslange 

Etter besøket i Alice Springs gikk turen vidare til Melbourne. Måndagen brukte vi til å sjå på Melbourne. Dette var dagen eg lurte mamma og pappa opp tidleg fordi eg trudde det var denne dagen vi skulle på busstur langs Great Ocean Road. Det positive med dette var at vi kom oss opp tidleg og fikk sett ein god del av Melbourne. I følgje pappa er det ikkje ei einaste bygning av moderne arkitektur som er bein her i denne byen, ikkje eingong henge for dorullen på hotellrommet vårt var beint. Vi var og ein tur i den botaniske hagen der vi for andre gong på vår rundreise her i Australia såg svart svaner.   

mamma og pappa på Federation Square

Pappa og mamma på Federation Square i Melbourne 

Tysdagen var første dagen der vi ha litt regn, dagen starta bra når vi reiste i frå Melbourne, men til nærmare vi kom kysten til meir skya det over og etter kvart som begynte det også å regne. På veg mot dei 12 apostlane stoppa vi og såg på ville koala og eg fikk mate ei vill papegøye (dette var vel det viktigaste for meg J). Vegen mot dei 12 apostlane var smal og svingete med havet på eine sida og fjell/klippe liknande formasjonar på den andre sida. Kunne neste til tider minne om vegane utover øyane heime Dei andre stoppa på denne turen var ein tur i ein temperert regnskog, Lochard Gorge og London Bridge. Dei to siste nemnde og apostlane var alt stein/klippe formasjonar i havet.

Eg matar ei papegøye

Eg matar ei pappegøye 

Onsdag gikk bussturen til Phillip Island, målet for turen i dag var å sjå dei søte små pingvinane kome i land og gå heile vegen frå havet inn til reire sitt for å mate ungane sine. Pingvinane som held til her er dei minste pingvinane i verden og blir ikkje større enn ca 30cm. Dette var ei kald oppleving, og fordi vi trudde vi som hardhuda nordbuarar ikkje kom til å fryse, hadde vi ikkje tatt med noko varme klede. Dette førte til at vi var nøydde til å gå inn på ei suvenir sjappe og kjøpe kvar sine vindtette jakker. Andre ting vi såg på turen var mange ville wallabiar (liknar på kenguruar, men er litt mindre og litt meir skjerre). Vi hadde og eit stopp på ein liten dyrepark der vi fikk anledning til å mate kenguruar og wallabiar, vi fikk sjå tasmanske djevlar som vart mata.

mamma matar kengeru

Mamma matar 2 kengeruar 

Frå Melbourne går reisa tilbake til Sydney der dei siste 9 dagane skal tilbringast.