Turen vår starta den 15 januar med dagbussen frå Ørsta mot Oslo. Det var ikkje det beste reiseveret den dagen, men vi starta i allefall med godt mot, sjølv om bussen frå Ørsta var sterkt forsinka, dette fordi ferjene måtte slost momt høg flod og sterk vind. Vinden løya heldigvis litt etter kvart som vi nærma oss Nordfjordeid, så det gav oss håp om at bussen faktisk kunne kome seg over Strynefjellet (sjølv om ingen av oss sa det høgt, trur eg nok at vi alle frykta at Srynefjellet skulle vere stengt pga uver).

Alt såg ut til å gå greitt heilt til vi kom til Stryn, men då fikk vi vite at det vi hadde frykta mest av alt faktisk var skjedd, Strynefjellet var STENGT!!! HJELP!!! kva gjer vi no? Kva andre muligheiter har vi for å kome oss til Oslo slik at vi når flyet som går kl 7 i morgon tidleg? Eg trur nok at alle kunne sjå frykta som lyste ut av auga våre då. Tenk om heile turen skulle gå til .… pga den stengde fjellovergongen. Det vart ikkje akkurat noko betre når vi fikk høyre at mest alt av fjellovergongar mellom aust og vest var stengde. Den beste muligheita vår var buss i retning Sogndal og så køyre over Hemsedalsfjellet, der var det kolonnekøyring.

På rutebilstasjonen på Eid

Ventar på bussen på rutebilstasjonen på Eid.

Dermed var det berre å reise tilbake til Nordfjordeid og vente på bussen derifrå i retning Oslo. Etter kvart som vi nærma oss Hemsedalsfjellet var spenninga til og ta og føle på og spørsmålet som kverna rundt i hovudet våra var kva gjer vi dersom Hemsedalsfjellet også var blitt stengt? Heldigvis J var ikkje Hemsedalsfjellet blitt stengd, vi var faktisk første bussen over etter at fjellet vart opna for fri ferdsel igjen. Så dermed kunne vi endeleg slappe av og nyte siste delen av bussturen til Oslo, først no var vi heilt sikre på at vi faktisk skulle nå flyet neste morgon.

Litt før kl 6 tysdag morgon var vi på Gardemoen klar til innsjekking, endeleg var vi på veg mot Sydney som var fyste målet for reisa. Heldigvis gikk i allefall siste del av reisa vår heilt etter planen.

Vel framme i Sydney onsdag kvelden var det berre og kome seg på hotellet og få i seg litt mat før vi alle sovna. Dagen etter tok vi det med ro, måtte få den lange flyreisa ut av kroppen. Dagen vart brukt til sigthseeing i området rundt Glebe, ein av forstadane nær Sydney sentrum (der hotellet vårt låg og der eg har budd i snart eitt års tid). Eg tok mamma og pappa med til ein park like i nærleiken, vi hadde med oss litt mat og hadde piknik ved vasskanten. Etter det var vi ein tur rundt på området til University of Sydney, der eg studerar. Eg måtte neste vise mamma og pappa korleis det ser ut der eg har tilbrakt ganske mange timar det siste året (vil i allefall at dei skal tru det J). Denne turen tok vel nærare ein time, sjølv om vi berre besøkte ein liten del av universitetsområdet.

Dagen etter var det på tide og hente sommarkleda mine frå garasjen dei har vore lagra i over jul, og få pakka vekk vinterkleda mine. følte at dei ikkje var heilt passande når temperaturen låg på ein rundt 30˚C og i følgje vêrmeldinga so skulle temperaturane nærme seg 40˚C til helga.

Når laurdagen kom var vi klare for å sjå sjølve sentrum av byen. Dagen vart brukt til buss sightseeing gjennom sentrums områda, vi fikk sett både Darling Harbour, Circular Quay (med operahuset og Harbour Bridge), og mykje meir. Bussen gikk og innom Bondi Beach der vi hadde eit lite stopp slik at vi fikk oss litt lunch. Pappa fikk og kjøpt seg ein caps der for og beskytte seg mot den steikande sola (denne har og vorte flittig brukt i ettertid, med temperaturar som nærmar seg 40˚C er det greitt å ha noko på hovudet har vi alle finne ut, utan og nødvendigvis like det).

Eit landemerke i Sydney, Bondi Beach

Eit landemerke i Sydney, nemeleg Bondi Beach.

Dette var og dagen for pappa sitt største kultursjokk sidan han kom ned hit. På kvelden når vi gikk ut for og ete, middag ville pappa ha ei flaske vin til maten, då  fikk han beskjed om at vist han ville ha ei flaske så måtta han gå på ”vinsjappa” over gata for å kjøpe den der og så ta den med inn på restauranten. Det einaste dei hadde lov til å servere var glas med vin. Det andre kultursjokket han seinare fikk var at det her nede er heilt vanleg at folk tar med seg middagsrestane heim etter eit restaurant besøk.

Søndagen var det alt for varmt til å gjere noko, den dagen steig gradestokken opp imot 40˚C. Mamma og eg forlot pappa ved bassengkanten (der han allereie har tilbrakt mang ein føremiddag og ettermiddag allereie), for ein tur på Paddy’s Market. Der fikk vi kjøpt oss nokre billige hattar som vi skal bruke når vi seinare på turen skal innom Alice Springs.

Mandags morgon var det på tide å sette seg på flyet igjen, denne gong i retning Perth, for å besøke pappa sitt søskenbarn Sigvald Akslen. Eller som han kallar seg her nede Leif Akslen, for å gjere det litt enklare for ”aussi’ane”. For å kome seg dit hadde vi ein 5 timers flytur framføre oss, men etter den 24 timers lange reisa frå Oslo til Sydney var dette berre som barnemat å regne. Og for andre gong på under ei veke opplevde vi det som vi til no har trudd berre skjedde på Hollywood filmar, nemleg det at det på flyet vart spurt om der var ein doktor eller sjukepleier om bord.  

Perth sett frå Kings Park

Pappa og Leif på tur i Kings Park, Perth i bakgrunnen.

Første dagen i Perth fikk vi med oss både Kings Park og lunch på Hillarys Boat Harbour/Sorrento Quay. På veg frå Kings Park til Sorrento Quays fikk vi oss eit lite sjokk då vi frå CD spelaren i bilen plutseleg høyrte det som til forveksling kunne likne på dei første tonane frå ein av songane til Vassendgutane. Vi tenkte at det måtte vere vi som høyrte feil, og at Vassendgutane ikkje kunne verte spelte av ein som forlot Sunnmøre for ca 40 år sidan. Men der tok vi feil, det var faktisk Vassendgutane som vi høyrte, så sjølv her nede i Perth har vist Vassendgutane vorte populære (det viste seg at cd’en var brakt med frå Noreg, av ein annan langvegsfarande nordmann).

Etter lunch vart det tid til ein liten sightseeing tur i utkanten av den nordlige delen av Perth som vart avslutta med ein kopp kaffi på ein koseleg liten kafé/restaurant i syd Perth (ved elvebredda av Swan river). På kvelden var vi på restaurant i Fremantle, og hadde ein hyggeleg middag i solnedgangen.

Tysdagen fikk vi sett Mandurah, ein liten hamneby litt syd om Perth. Besøke avslutta vi med ein fin liten båttur i håp om å få sjå delfinane, som vi hadde sett symje forby oss fleire gongar i løpet av dagen, på nært nok hold til å fotografere dei. Onsdagen var vi på sightseeing i sentrum av Perth, denne dagen måtte vi greie oss åleine, men det gikk no bra det også, sjølv om Perth er ”litt større” enn Sæbø J.

På tur i Perth CBD

På tur i Perth CBD 

Torsdagen var det på tide og reise vidar. No gikk reisa til Australias indre, nærare bestemt Alice Springs der vi tilbrakte nokre dagar.