Eg har no lagt ut protestlister i alle kommuner på Søre-Sunnmøre. "Avgrensa" til desse avdi dei er nabokommuner til Ørsta kommune. Ein telefon i kveld er kanskje symptomatisk for aksjonen. Volda Jeger og Fiskeforeining hadde saka oppe på årsmøtet.Einstemmig gjekk dei inn for å sende ein protest til Ørsta kommune. Foreininga representerar 75 medlemar. Dei protesterande her på portalen er i tillegg til enkeltpersonar både lag, organisasjonar og firma. Talet på vel 360 representerar mange, mange fleire. På dei utlagde listene har til no om lag like mange enkeltpersonar skrive under. Allereie til no har så mange skrive under/protestert at Ørsta kommune må vektleggje det! Aksjonen held fram til om lag 10. mars. Då tek eg inn dei utlagde listene.