Eg har no lagt ut protestlister i alle kommuner på Søre-Sunnmøre. "Avgrensa" til desse avdi dei er nabokommuner til Ørsta kommune. Ein telefon i kveld er kanskje symptomatisk for aksjonen. Volda Jeger og Fiskeforeining hadde saka oppe på årsmøtet.Einstemmig gjekk dei inn for å sende ein protest til Ørsta kommune. Foreininga representerar 75 medlemar. Dei protesterande her på portalen er i tillegg til enkeltpersonar både lag, organisasjonar og firma. Talet på vel 360 representerar mange, mange fleire. På dei utlagde listene har til no om lag like mange enkeltpersonar skrive under. Allereie til no har så mange skrive under/protestert at Ørsta kommune må vektleggje det! Aksjonen held fram til om lag 10. mars. Då tek eg inn dei utlagde listene.
Kommentarar
På listene på Bellingen og hjå Slettedal på Sæbø har 150 skrive under. Fantastisk, spør du meg!
I tillegg har nok fleire i staden nytta seg av høve til å protestere på Hjørundfjordportalen. Lister er elles både lagt ut lenger ute og inn i Hjørundfjorden.
Aksjonen har "sitt utspring" i Hjørundfjorden, og difor er det både hyggeleg og viktig å sjå oppslutnaden herifrå!
For vi vil vel alle ha – frisk og vill laksestim
Blir fjorden full av merdar slik skrekkeksempelet spår
må ferga køyre slalåm heile vegen inn til Skår
Kan oppdrett og villaks gå hand i hand?
Tja, dersom alle lokasjonar låg godt inn på land
Men, realiteten kan bli: berre kopilaks i nota
Nasjonal laksefjord? – nei det kan dei ikkje godta
Og turistnæringa vil lide – ikkje ein fiskar å sjå
Laks utan lus – er det lov å håpe på?
Noko må gjerast – og det ganske pronto!
Før verdiane endar opp på PanFish sin konto
Helge, no ser eg mitt snitt
Til å tjuvlåne verset ditt “a little bit”
Eg støttar ”vill” poesi og aksjon og slikt
men dette er nok berre eit ”oppdrettsdikt”
Sperregrensa er reven vekk
Politikarane forstår visst ikkje det kvekk
I staden for å gje dei eit tydeleg smekk
Får no oppdrettarane både i pose og sekk.
Og laksen rømer – i hopetal
Då sender vi mail i hopetal
Så innboksa til kommuna vert stappande full
No må vi verne om bondalselva sitt dyrebare gull
Villaksen finn som kjent si eiga rås
Men kopilaksen ekje lett å halde i bås.
”Vi va berre uheldige” – for noke vås!
Dei skulle ha kjøpt seg ein større hengelås
Veit kommuna kva som står på spel?
Den levande fjorden kontra ein fjord utan sjel
Skulle tru dei he fått ordre direkte frå nå ”Fan”
Med ein så abstrakt kystsoneplan.
Skal den livsviktige laksestamma bli lagt øyde?
Det er realiteten om oppdrett får all slags løyve
Får håpe det endar med at kommuna står der og skjelv
Så vi igjen har sjansen til å skape landet si beste lakseelv
Og så ei gladsak til slutt: har dokke høyrt om fiskeoppdrettaren som måtte slutte med ørret?
Han greidde ikkje å gjere alle til laks… :)
Som dengong klassestyrar for deg minnast eg godt at du likte ordspel og rim. Som datt ut av meg fra tid til anna.....
Som du og nytta i dine skriftlege arbeid,.......tør eg no så langt att i tida nemne.
Difor overraskar versa dine meg ikkje, men dei gledar meg!!
Takk, Kjell Johan!
Helge gav deg sikkert litt inspirasjon som klassestyraren din på ungdomskulen mot slutten av åtti-talet, men der er vel også nokre anar frå "Bols-Johan"-slekta langt baketter...
Eg tek med ein limerick til ære for deg Helge:
Ein lakseglad bygutt tok kampen
Mot oppdrett, kommune og "rampen"
Han var glad i sin laks
og fekk oppslutning straks
Både fjord, elv og bygd vann heilt på tampen !