Nei, vêret er ikkje det beste i dag.  Snøfonner har gått i sjøen over alt i Hjørundfjorden.  Vegen mellom Stennes og Nordang er stengt.  Skal geitebonden på Stennes, Einar Arne Stennes, få levert mjølka si, må M/S "Hjørundfjord" og dagens skipper, Roy Lillebø, i aksjon.

IMG_3831

Vêret er ufyseleg, men geitemjølka må leverast frå Stennes. (Stennes i bakgrunnen)

Når vegen til Stennes er stengd, vert mjølka frakta over til kaia på Urke ved hjelp av M/S "Hjørundfjord".  Der vert mjølka pumpa over i Tine sin tankbil.

I det vi nærmar oss Stennes ser vi ingen, men då Roy er i ferd med å klappe til kai - ei god kai forresten, seier Roy - dukkar dei opp.  "Dei" er bonde Einar Arne Stennes og far Jon Stennes.  Alle veit kva oppgåver dei har.  Alt er tima og tilrettelagt, som Egon Olsen ville ha sagt.

Jon går først ombord.  Han legg eit par bordstykke på dekk for å verne båtdekket.  Så lyfter Einar Arne mjølketanken ombord.

IMG_3834

Einar Arne Stennes lyfter mjølketanken ombord.

IMG_3835

Skipper Roy Lillebø(t.v.) og Jon Stennes passar på at mjølketanken vert sett på rett plass.

Men Einar Arne har mykje mjølk.  Han får ikkje plass til alt i tanken og må levere mjølk også i spann.  Desse vert lempa ombord etter at tanken er komen på plass. - Eg må nok få meg ein tank til, seier Einar Arne, det er plass til to tankar på denne båten.  Vi seier vel ikkje  for mykje om vi opplyser at Einar Arne er heller ein stor  geitebonde etter vår målestokk.  Han leverte ca. 12000 liter i januar. - Det er i januar mjølka er best betalt, opplyser geitebonden og smiler lurt.

IMG_3836

Så skal mjølkespannene ombord.  Jon dirigerer.

IMG_3833

Toppskarven i lykta på Stennesrevet passar på at alt går rett for seg.

Så vert mjølka frakta rett over fjorden til kaia på Urke.  Der står tankbilen med sjåfør Ståle Årsnes klar og tek i mot.  Også her skjer alt fort.  Ingen nøling.  Dette har dei gjort før.

IMG_4003

Tankbilsjåfør Ståle Årsnes tek med seg mjølkeslangen og hoppar ombord.  Spannene vert tømt først.

IMG_4004

Ståle Årsnes er frå Årsnes, ydst i Hjørundfjorden.

Så er mjølka levert.    Eldste bror til Einar Arne kjem ombord.  Han har med seg kolonialvarer frå Urke landhandel.  M/S "Hjørundfjord" går tilbake til Stennes med tomgods og passasjerar.    Jon får overlevert  posten som Roy har med - eit heilt plastnett.  I desse veglause tider vert det levert post berre tredje kvar dag til Stennes.

Det vert vel berre avslapping og avislesing resten av dagen no for deg Jon sidan du er pensjonist?

Ja, det skulle ta seg ut.  Nei, no skal mjølkespannene  vaskast og Einar Arne skal få hjelp til å fore geitene.  Det skal mykje arbeid til om ein ynskjer å vere ein god geitebonde - meir arbeid enn å vere ein god kubonde. Underteikna tek eit hint og spør ikkje meir.  Men i dag lærde eg noko nytt av Jon; ei av mine oldemødre kjem frå Stennes...

IMG_4006

Nei, Jon har ikkje tenkt å lese aviser resten av dagen.