Den 25. februar kl 14.00 – 18.00 ønskjer vi velkomen til marknad på Bondalen grendahus.

Etter kvart legg vi ut meir info her: www.grendahuset.no

Det vil vere sal av kaffi og kaker, smørbrød og skulekorpset spelar. Det vert diverse spanande aktivitetar som; lykkehjul, elektronisk dartspel, luftgeværskyting.

Vi skal sjølvsagt ha sal av årar, tombola, loddblokker og loddbøker. Premiane er denne gongen veldig bra, vi har fått benkeslipar/slipestein frå Coop Byggmix i Volda, fjerstyrt garasjeportopnar frå Enerbygg i Ørsta og oppladbar drill frå Sæbø bygg. Astrid har og med mange frisørprodukt i tillegg med mykje spennande frå Nille i Volda.

Vi håper dokke vil ta vel imot grendahuset sine loddseljarar når dei kjem rundt på dørene no i starten av februar.

 

Inntektene av marknaden skal gå til reperasjon av lekkasjen på grendahustaket. Vi går utifrå at det har vore registrert at der ligg pressening på taket og vi må ha ein stordugnad til våren for å få av torvtaket slik at ein får tette lekkasjen.

 

Vi set stor pris på at de tek med familien og kjem ein tur på grendahuset denne dagen.

Vel møtt  helsing styret