Det nye av året er at konfirmantane hadde fått valget med og vere leir konfirmantar eller og ha laurdagssamlingar i gjennom eit år.

Dei valgde og bruke halve vinterfeiren til og reise att med Ørtsa konfirmantane,

 til Fjordly i Nordfjord.

 Dei var 40 konfirmantar som reiste ifrå Mørebil, Onsdag kl 16.00.

Dei vart fordelte i hytter på Leirstaden, med leiarar i kvar hytte.

Kvar morgon var det vekking kl. 08.00 med morgonsamling kl 08.30.

Gruppearbeid, undervisning, film, dans, drama, temasamlingar,

bålkveld, kunsvandring, fotballtuneringar, og gudsteneste med kyrkjekaffi.

Dei hadde fantastiske gode måtid, all mat var heimelaga av flinke kokkar,

 ferkse rundstykke, pannekaker, kjøttkaker til ca 50 personar, var ein del av kosten. Mange var imponerte av den gode heimelaga safta.

Kveldane skulle det vere stilt kl 23.00, men det vart sjeldant stilt føre kl 03.00.

Vi som foreldre prøvde lenge med og få konfirmantane til køys,

men vi hadde ikkje sjølve gløymt at "kyra var kalv",

så om morgonane var det harde bud når vekkjerklokka ringde.

Søndagen vart avslutta med Gudstjeneste som dei sjølve hadde vore med

og laga til.

Der fekk dei òg ei påminning om dåpen av katiket Lisbeth Halse.

Kvar og ein var fram og fekk utdelt eit lite trekors som vart kjøpt i Betlehem.

 

Alle konfirmantane på Sæbø likte seg veldig godt og har fått mange nye vennar. Her er nokre glimt frå leiren:

CIMG5451

 

CIMG5453

 

CIMG5452

CIMG5480

 

CIMG5455

 

CIMG5459

 

CIMG5456

 

 

CIMG5463

 

CIMG5466

CIMG5465

 

CIMG5470

 

CIMG5477

 

 

CIMG5478

 

CIMG5473

 

CIMG5481