Planen er ein arealplan for strandsona og bruken av sjøen i heile kommunen, og avgrensinga er Steinnes mot Volda grense, og Gjeveneset mot Sykkylven grense. Vidare hundremeteressona, eller nærmaste offentlege veg.

Hustadvika

Naustrekkja i Hustadvika er foreslått verna som kulturminne.

Vidare er ikkje område som har godkjent reguleringsplan eller komunedelplan med i kystsoneplanen. Det vil seie m.a. Sæbø sentrum, regulert område på Bjørke og Vartdal sentrum. Heller ikkje sentralområdet på Standal er med, fordi der er varsla reguleringsplan.

På hjorundfjord.no har debatten om oppødrett allereie kome godt i gang. Det er ein svært viktig del av kystsoneplanen.

Andre viktige moment er korleis landareala skal brukast. Skal dei brukast til landbruk, hytter, bustader, vern, friluftsliv osb.? Det er tema i kystsoneplanen.

For internettbrukarar, er kanskje det enklaste å laste ned planen på følgjande adresse: www.orsta.kommune.no/ 

Elles kan ein vende seg til Ørsta kommune, og få tilsendt papirutvgåva. Papirutgåva er dessutan lagt ut på rådhuset for gjennomsyn. 

Viddal

Strandsona på Viddal: Hytter, landbruk eller friluftsliv?

Det vil i tillegg verte arrangert temamøte kring om i kommunen. For Hjørundfjorden sin del er det førebels sagt at Sæbø, Urke og Barstadvik (Hjørundfjorstranda) er stader det skal haldast open dag. 

Høyringsfristen for planen er seks veker frå utlegging.