Planen er ein arealplan for strandsona og bruken av sjøen i heile kommunen, og avgrensinga er Steinnes mot Volda grense, og Gjeveneset mot Sykkylven grense. Vidare hundremeteressona, eller nærmaste offentlege veg.
Naustrekkja i Hustadvika er foreslått verna som kulturminne.
Vidare er ikkje område som har godkjent reguleringsplan eller komunedelplan med i kystsoneplanen. Det vil seie m.a. Sæbø sentrum, regulert område på Bjørke og Vartdal sentrum. Heller ikkje sentralområdet på Standal er med, fordi der er varsla reguleringsplan.
På hjorundfjord.no har debatten om oppødrett allereie kome godt i gang. Det er ein svært viktig del av kystsoneplanen.
Andre viktige moment er korleis landareala skal brukast. Skal dei brukast til landbruk, hytter, bustader, vern, friluftsliv osb.? Det er tema i kystsoneplanen.
For internettbrukarar, er kanskje det enklaste å laste ned planen på følgjande adresse: www.orsta.kommune.no/
Elles kan ein vende seg til Ørsta kommune, og få tilsendt papirutvgåva. Papirutgåva er dessutan lagt ut på rådhuset for gjennomsyn.
Strandsona på Viddal: Hytter, landbruk eller friluftsliv?
Det vil i tillegg verte arrangert temamøte kring om i kommunen. For Hjørundfjorden sin del er det førebels sagt at Sæbø, Urke og Barstadvik (Hjørundfjorstranda) er stader det skal haldast open dag.
Høyringsfristen for planen er seks veker frå utlegging.
Kommentarar
Kystsoneplanen stadfester Ørsta kommune sine planer for Hjørundfjorden m.o.til oppdrettsnæring, men syner samstundes kvifor aksjonen er sett i verk.
Ørsta kommune legg opp til:
1. Oppdrettslokalitet ved Viddal.
2. Vesentleg utviding ved Trandal.
3. Oppdrett i ytre del av Hjørundfjorden.
(Grense Høydalsneset-Trandal.)
Vern av villaksen forutset forbod mot oppdrett i HEILE Hjørundfjorden.
Ikkje berre i "indre del" som Ørsta kommune legg opp til.
Kva nytte har kultivering og naturleg gyting i elvane i Hjørundfjorden når laksesmolten møter oppdrettsanlegg og mengder av lakselus i YTRE del av fjorden, før han skal nå Breisundet/havområdet?
Ei dødeleg felle for utgåande smolt! Samt ei liding for inngåande laks med lusangrep/soppinfeksjonar før laksen event. når gyteplassen.
Ein HEIL fjord fri for oppdrett er ein best mogleg garanti for oppveksande villaksgenerasjonar, og ei forutsetning!
Den visuelle og fysiske forureininga kjem i tillegg.
Direkte i konflikt med Hjørundfjorden sitt enorme potensiale. Turisme!
Difor er "aksjonen mot laksoppdrett" klar i sitt mål.
Sperregrensa mot etablerting av laksoppdrett innanfor Festøy og Hundeivik må oppretthaldast!
Hjørundfjorden må vere fri for laks og aureoppdrett.
Nokon vil vist frede steinrøyser etter dyrkinga i Bjørkevikja.
Eit regulert Inndustriområde/Næringområde kan no ikkje ha freda steinrøyser inne på området eller byter som går som en orm i terrenget.
Den som vil kjøpe seg ei tomt til eit næringsbygg krev no så klart rette byter mot naboer.
Nokon har ikkje tenkt bygging i det nye forslaget.
Best å passe på litt kva som går føre seg i denne kystplanen.
Eg har tatt opp denne saka med kommuna.