Her sikrar Håvard Myklebust seg KM-medaljen i sprintlangrenn.

- Dette er det beste eg har gjort i langrennssporet, seier ein glad sekstenåring.

For Håvard var dette oppturen han trong. Tidlegare i sesongen har nemleg resultata ikkje vore heilt slikt han har ynskt. Med sylvmedaljen i sprint, reiser han no til Hovudlandsrennet om to veker som optimist. 

Sylvmedaljen hans var ganske klar. Dte var lite å gjere med vinnaren, Johan Bugge frå Eidsvåg IL, men samstundes var det heller ingen som truga Håvard sin andreplass. På oppløpet hadde Håvard kontroll.

Håvard går for Hovdebygda IL, og det ligg stor vilje og gode haldningar bak langrennssatsinga hans. Høyr berre: Først går Håvard på Austefjord skule, og så er det heim til Skjåstaddalen. Der etter er det å pakke utstyret, og så på trening på Bondalseidet. Minst tre gongen i veka køyrer han altså ti mil berre for å trene. I tillegg kjem tevlingane. 

 - Det kan verte litt slitsamt, men eg passar på å få meg litt søvn i bilen, seier Håvard.

Likevel veit han at dette er den einaste mulegheita skal han verte god i langrenn. Det å få trene saman med lagkameratane i HIL er viktig. Dessutan er det forholda så som så:

 - På Bondalseidet er det gode løyper. På Bjørke hender det eg får køyrt opp ei løype med traktor viss det er stabile vinteforhold. Likevel vert det ikkje det same.

Til neste år vurderer Håvard å gå skigymnas. Då kan han halde fram med satsinga si på langrenn, samstundes som han får ta til med ei utdanning. 

Til slutt eit lite spørsmål. Er Håvard den første hjørundfjording med medalje i eit krinsmeisterskap i langrenn? Hjorundfjord.no veit at det har vorte mange KM-medaljar, og jamvel NM-medaljar, i alpint på utøvarar frå Hjørundfjorden. Men korleis er det med langrenn. Kor gode var langrennsløparane i Norangdal IL i si tid?