I ein artikkel her på portalen 1. februar vart "kystsoneplanen for Ørsta kommune" lagd ut. Presentert av Rune Sæbønes.
Eg vona då på ein debatt med tanke på Hjørundfjorden si framtid. På alle område. Førebels ikkje .Eg grip i alle høve tak i det som ligg mitt hjarte nærast.Forslag til oppdrettsnæring i Hjørundfjorden.
Kystsoneplanen sine forslag til oppdrett for Hjørundfjorden:
1.Skarbøen.
2.Mellom årsneset-Ytre Standal.
3.Mellom Stavset-Store Standal.
4.Ved Høydalsneset. ( Mellom Standal og Sæbø.)
5.Utvida ved Trandal.
6.Viddal.
Sett bort sett frå Viddal er alle lokalitetar nye i høve til den tidlegare sperregrensa mellom Festøy - Hundeivik. Om de vert med å protestere, kan vi halde denne grensa intakt.
Frå kommuna si side er det ikkje foreslegje nye oppdrettslokalitatar i Vartdalsfjorden. Er det slik vi vil ha det i Hjørundfjorden?
Kommentarar
Men sidan du seier at kystsoneplanen kan opne for fleire tema, er det noko som av og til får meg til å stusse: Koss er det med "fjørepleiea"? Eg meiner: Det ser ikkje alltid så vakkert ut langs strendene, i fjøra. Vi har ein dårleg tradisjon på å vere svært lite nøgne på kva vi slepper etter oss i fjøra og på koss vi steller med "fronten" - sjøsida. - For nokre år sidan måtte dei gå dugnad langs fjøra inst i Geiranger-fjorden for å reinske opp i all plasten som låg der. Kva plasten kom ifrå, - vel, i alle noko hadde høyrt heime på turistskipa.
Vi ønskjer alle ein velflidd Hjørundfjord som både vi fastbuande og gjester kan gle oss over, og som alle partar må ta ansvar for.