DSCN1735

Blide jenter som toppar serien:)

J 16 Sæbø/ Åmdal: Bak f.v. Karoline Stokke (1), Sara Årseth (4), Else Marie Stokke (1), Jenny Karin Valset (3) og Malene Åmbakk (2).

Framme f.v. Elisabeth Melle (1), Tiril Holen(1), Ida-Line Åmås(4), Liv Grete Stokke(1), Rebekka Stokke, Torill Haugen Øye(1) og trenar Anette Follestad.

Jentene var nervøse og litt stressa før kampen mot Sykkylven. Dei låg på topp på tabellen og ville ikkje tape, og kampen bar preg av dette. I pausa var resultatet 10-10 etter ein jamn omgang. Andre omgang fortsette  i same stil. Det var mange feilpasningar og brende straffekast. Tre min før slutt var stillinga 19-19 og det var veldig spennande, Sykkylven fekk inn to heldige mål på slutten og sluttresultatet vart 19-21.

 

DSCN1729

Bak f.v Else Marie, Karoline (2), Sara (2), Jenny (2), Malene (5), Liv Grete (5) og Anette.                                                                                                 Framme f.v. Elisabeth (2), Tiril (3), Ida (3), Torill (3) og Rebekka (1).

I kampen mot Sykkylven 2 var det som om det var eit heilt anna lag som kom på bana. Humøret var på topp og nervane vekk. Jentene leika seg med ballen og måla satt som dei skulle. Rebekka stod kjempegodt i mål og hadde mange fine redningar. Heile laget kjempa godt og dei fekk vise kvifor dei ligg på topp.

Stå på jenter, dokke er kjempeflinke!!!!!!!!!!!!