Det er slutt på den tida alle gardbrukarar går på alle kurs og møter som vert arrangert av landbruksorganisasjonar - særleg når ein må betale for kurset sjølv.  Også gardbrukarane stiller no høge krav til forelesarane dersom dei skal kurse seg, men då Tine Meieriet Vest inviterte til eit dagskurs  om det av å lage grassurfor av best mogleg kvalitet v/forskar Åshild T Randby, bestemte 25 gardbrukarar seg for at dei ville delta på kurset på Sagafjord hotell på Sæbø.  Dei angra tydelegvis ikkje.

bilde 014 (3)

Åshild T Randby, forskar ved UMB - Institutt for husdyr- og akvakulturvitenskap.

Åshild T. Randby er altså forskar ved Institutt for husdyr- og akvakulturviteneskap ved Universitetet for miljø- og biovitenskap - tidlegare landbrukshøgskulen - på Ås.    Randby vert rekna som ein av landet sine fremste ekspertar på grassurfor.

Under forelesinga si, som altså handla om korleis lage grassurfor(silo) av best mogleg kvalitet, snakka Randby m.a. om kvalitetsvurdering av surfor, haustetid, slått og fortørking, ensileringsmiddel, ensileringsteknikk/rundballeensilering, lagringsmetodar for surfor og foring med ulike kvalitetar av surfor.  Før ho starta bad ho om at det vart stilt spørsmål undervegs og spørsmål det fekk ho - mange.

bilde 016 (3)

Kursdeltakarane saug til seg lærdom.

Det var som nemnt Tine Meieriet Vest v/distriktssjef Steinar Snipsøyr som var kursansvarleg.  Kursdeltakarane var frå heile Ørsta kommune, to frå Volda kommune og det var også tre deltakarar frå Nordfjord/Stryn.  Dette kurset vart  lagt til Sæbø etter initiativ frå Karl Asgeir Sæbønes.  Han er mjølkeprodusent og leiar for Hjørundfjorden mjølkeprodusentlag.

Karl Asgeir var svært godt nøgd med foredragshaldaren og rekna med at kursdeltakarane sette stor pris på å få ei fagleg oppdatering - kort og godt lære om det å produserer kvalitetsvarer til ein rimelegast mogleg pris.  Han oppfatta det også slik at alle kursdeltakarane fekk lære eit eller anna sjølv om mange hadde mange års praksis i faget.

bilde 017 (2)

Ivrige kursdeltakarar - Ole Stokke(t.v.) og Kjell Frøland.

Åshild T. Randby kom med mange konklusjonar undervegs, men skal vi driste oss til å nemne nokre av dei, nemnde ho m.a.:

- Tradisjonell forhausting i kombinasjon med tårnsilo gjev framleis som oftast godt grassurfor.  Minuset er at slik hausting tek lang tid.

- Ved fortørking får ein som oftast det beste resultatet dersom tørrstoffprosenten i graset ligg mellom 20 og 30.

- Alt fôr - også rundballar - bør tilsetjast ensileringsmiddel når ein driv ein intensiv produksjon.

- Bruk i alle høve 6 lag med plast på rundballar.

- Gammalt, stivt plantemateriale(gras) bør ikkje fortørkast i det heile når det vert rundballa.

bilde 018

Fire sentrale personar under kurset - frå venstre:  Jarle Myklebust - leiar i Storfjorden mjølkeprodusentlag, Karl Asgeir Sæbønes - leiar i Hjørundfjorden mjølkeprodusentlag, Åshild T. Randby - forskar og foredragshaldar og Steinar Snipsøyr - dirstriktssjef i Tine Meieriet Vest.

Randby fekk altså fleire godord. Sjølv sa ho til hjorundfjord,no at ho sette pris på å få vere tilstades på nettopp dette kurset.  Ho likte godt at det vart ein kommunikasjon mellom henne og kursdeltakarane og ho merka seg at ho fekk fleire spørsmål som synte at ho hadde med kunnskapsrike bønder å gjere.

Mykje tyder på at det vert halde eit nytt kurs på Sagafjord hotell til neste vinter i regi av Tine Meieriet Vest.  Då vil Steinar Snipsøyr evt. prøve å få tak i ein kapasitet som er spesialist på det å få gode grasavlingar.

Alle foto:  Ole Stokke sin mobiltelefon.