Eg visste at problema med senastrekk ville kome, og nemde vel at det gjekk an å snu før toppen. Men erfaringane seier vel at det skjer skjeldan uten raske veromslag til det verre.

Per-Stian Vatne og Haua- Knut hadde sikra oppsporet. Det var verre at mildveret gjorde at fellane klabba. Men om kort tid var vi langt oppi bjørkakrattet. Eg forstod straks at den tette skogen ville by på utfordringar for ein som vegrar seg sterkt for trening på skikøyring i traseane på Bondalseidet.

DSC00002

Dette ser no bra ut, men oreskogen lenger nede i fonna er sabla tett.

 

DSC00004

Her ser vi tvers over Bjønndalen og  borti Hellefjellet.

Mykje spor etter hare, rype, orre, hjort og rev er å sjå etter så mange dagar uten nedbør. Men det er så mange inntrykk å feste på minnebrikka, at eg let vere spor etter menneske og dyr.

DSC00006

Eg frykta blindføre, men sola laga lys nok. Og Bondalen gjer inga skam på oss nokon tid på året!

DSC00010

Vi har sett av oss skia, og Arve er på veg mot Porten, eg har fått første forsmak på senastrekk, og held meg i ro inntil vidare, og har god tid til fotografering.

DSC00011

Kolåstinden er majestetisk, men ikkje fotografen som kjenner muskelen frå kneet og oppi lysken held på å slite laust både det eine og det andre.

DSC00014

Endeleg slepte senastrekken og eg kom meg til topps. Varden er berre ein isklump.

DSC00017

Her går det ikkje an å kome høgare på Grøttdalstinden. Arve oppå varden.

Turen ned att tok si tid, for senastrekken kjenner ingen avgrensingar. Og då er det berre å vente på at det går over. Å ramle går nesten ikkje an,for då slår den til. Så det vart å køyre safe. Medan Arve for som eit olja lyn, men følte ansvar og venta.

Grøtdalstinden på ski? Det skal ikkje skje att, sa eg i fjor også. Då var det endå verre, det får vere ei fattig trøyst til neste år.

DSC00017

Her frå fjorårets tur med underteikna på varden. Jomar Leknes var fotograf, så vidt eg hugsar.

                                          Knut Riise.