- Tre lam her, seier Kjetil Bakken, lammefosterteljaren frå Herøy. Palma (Bjørdal) noterer og saueeigar Odd Bjarne (Bjørdal) gjer som storbønder flest - han står og ser på og passar på at alt går rett for seg.

IMG_3839

Odd Bjarne(t.v.) kontrollerer.  Palma noterer tal på lammefoster.

Kjetil Bakken gjer som gynekologane - han nyttar seg av ultralyd for å sjå fostera. Vi snakkar sjølvsagt ikkje om gravide kvinner, men om gravide sauer.  Og Bakken si oppgåve er altså å finne ut om sauen er gravid og i så fall skal han finne ut kor mange foster det er i sauen.

IMG_3834

Kjetil Bakken sit bak ultralydapparatet og les av på skjermen kor mange lammefoster det er i sauen.

Men Kjetil brukar ikkje gel på magen til den han undersøkjer slik dei nemnde gynekologane nyttar seg av.  Nei, han brukar lunka vatn.  Vatn fungerer godt, fortel Kjetil.  Kjetil har elles til no i år undersøkt ca. 7000 sauer på heile Vestlandet.  Han skal undersøkje ca. 1000 til før han er ferdig.

- Dette er vel kostbare greier, Kjetil?

Dersom du har ein buskap på under 50 sauer tek eg kr. 500,- i grunnpris.  I tillegg tek eg kr. 5,- pr. sau.  Det er omtrent halvparten av summen ekspertane tek.

Ekspertane?

Dette er andre året eg driv med slik fosterteljing på sau.  Det er ikkje så lang tid.  Eg reknar meg for å vere i opplæringsfasen også dette året.  Difor tek eg ein rimelgare pris.

IMG_3835

Kolbein (Ryste) (t.v.) og Jan Rune Frøland held styr på køa til ultralydapperatet.  Tidlegare i dag fekk Kolbein talt fostera i sine sauer og etter at Kjetil hadde undersøkt ferdig sauene til Odd Bjarne, stod sauene til Jan Rune for tur.

- Odd Bjarne, dette er vel vekkasta pengar?  Du oppdagar no til våren kor mange lam som kjem ut av sauene.

Ja, det gjer eg nok, men det er ikkje derfor vi får undersøkt sauene.  Ein gravid sau med eitt lam treng mindre fôr ein t.d. ein sau med tre lam/foster.  Når vi no får vite talet på foster i kvar enkelt sau, kan vi gruppere sauene etter talet på foster.  Og dermed kan vi gje ei meir tilpassa fôring til kvar enkelt sau. I det ligg det økonomi.

- Men er det ikkje slik at ein sau som er para ein gong får eitt lam, ein som vert para to gonger får to lam osb.?

Kva??? Tøysar du?

- Nei...

Talet på paringar på kvar sau har slett ikkje noko med lammetalet å gjere.  Storeverane parar sjeldan ein sau meir enn ein gong.  Når dei er ferdige med ein sau, konsentrerar  han seg om den neste som står for tur.

Ok, men er det slik at du stolar 100 % på det talet som Kjetil Bakken kjem fram til ved hjelp av ultralydapperatet?

Ikkje 100 %, men seier han at sauen er tom for lam, ja, då stolar eg på han.  Er det ein eldre sau det er snakk om, vert sauen slakta.

Etter at Kjetil Bakken hadde avslutta arbeidet også hos Jan Rune Frøland, synte det seg etter ei raskt utrekning at sauene til Jan Rune i gjennomsnitt hadde 2,4 lam/foster.  Det same var resultatet i sauene til Odd Bjarne.  Ei såpass høgt lammetal tyder på flinke sauebønder - og mykje arbeid til våren.